Meir om Verdas største Jærstol

I samband med 100årsjubileet for oppstart av jærstolproduksjon vart «Verdas største jærstol» (rundt 4,5m høg) oppført på Hjelmeland. Frå 2020 er stolen plassert ved elveosen nær kommunehuset i Hjelmelandsvågen. Jærstolen er ein klassikar i norsk møbelproduksjon, og har overlevd skiftande moteretningar. Du finn han i heimar og forsamlingshus over heile landet. Hjelmeland har heile tida vore den viktigaste produksjonsstaden for stolen, opphavleg med mange produsentar. I dag er det berre ein produsent att (Aksel L Hansson AS).

Namnet Jærstol kjem av at seta i si tid vart fletta av siv frå Jæren. I dag vert stolen levert i fleire variantar og med ulike type sete. Jærstolar og sponkorger representerer tradisjonsrike flettverksmønstre som me i dag også finn att i kommunevåpenet frå Hjelmeland. Verdas største jærstol er frå 2020 malt i raudfargen som me finn att i kommunevåpenet.