DSC 7547

Kontorfellesskap

Velkommen til kontorfellesskapet "Hjelmeland Naturlegvis!"

Dette er ein arbeids- og møteplass for deg som er nyetablerar, driv småbedrift eller er fritidsbuande. Her møter du andre som du kan diskutera med og bli inspirert av, eller du kan jobbe i ro og fred med egne arbeidsoppgåver.

Me tilbyr fleksible kontorløysningar for:

  • gründarar / nyetablerarar / dei som driv småbedrift
  • dei som driv verksemd frå heimekontor, men som saknar eit fellesskap
  • fritidsbuande som har behov for kontor i Hjelmeland av og til


Kva fins av fasilitetar her?

  • høghastighets internett (fiber)
  • trådlaust internt nettverk (Wi-Fi) med god dekning
  • moderne og ergonomiske hev/senk kontorpultar på alle plasser
  • multifunksjonsskrivar/kopimaskin/skanner (trådlaus)
  • to møterom med 55" skjermar og kamera
  • stillerom
  • kjøkken m/oppvaskmaskin, kjøleskap og ein verkelig god kaffetraktar
  • her er sjølvsagt også toalett og dusj
  • rett på utsida er der raust med parkeringsplassar!

Leigeprisar:

  • Du kan gjere avtale om leige av fast kontorplass (kr 2.400,-/mnd.) eller
  • fleksibel kontorplass for inntil 8 arbeidsdagar i månaden (kr 1.000,-/mnd.) eller
  • du kan leige kontorplass eller møterom ein dag om gongen (kr 250,-/dag).

Reservasjon av møterom:

Du kan enkelt bestilla/reservera eit av møteromma:

Ta kontakt:

Ønsker du ei omvising i kontorfellesskapet eller vil inngå ein leigeavtale, er du hjarteleg velkommen til å kontakta Kundesenteret (T: 51 75 00 00 | E: postmottak@hjelmeland.kommune.no).

Slideshow Items

Siri Janne Kyrkjeeide

Rådgjevar - Kundesenteret

Tel: 404 39 004