Å bygge og bu i Hjelmeland

Du tenkjer kanskje på å flytte til Hjelmeland?
Då er du på rette plassen! Her prøver me å gje deg informasjon om Hjelmeland på ein ærleg og informativ måte enten det er snakk om draumebustaden, ledige jobbar i spanande bedriftar, aktiv fritid eller flotte folk. Nøl ikkje med å kontakta oss i Hjelmeland Naturlegvis om det er noko du lurar på i prosessen. Du finn kontaktinformasjon nederst på denne sida.

Eller kanskje du er på jakt etter hytte eller hyttetomt i den naturskjønne kommunen vår?
Hjelmeland er plassen for deg som søker aktivt friluftsliv i storslått natur kombinert med levande grender som er på tilbodsida for fritidsbuande. Og me har opna kontorfellesskap i Hjelmeland som også er eit godt tilbod til fritidsbuande som ønskjer å tilbringe meir av tida si her.

Velkommen til Hjelmeland - ein god stad å bu og ein attraktiv kommune for fritidsbuande.


Bustad og hytter til sals

Her finn du bustader og hytter som er til sals i Hjelmeland akkurat no:

Tomter til sals

Kanskje du har ein draum om å bygge heilt nytt? Då finn du kanskje draumetomta i oversikten her:


Bustad til leige

Det fins også bustader til leige i Hjelmeland. Her finn du dei som er til leige akkurat no: