Velkommen til Hjelmeland!
Kontorfellesskapet «Hjelmeland Naturlegvis!»
Her kan du leige kontorplass eller møterom på fast eller fleksibel basis eller for ein dag om gongen.
Kontorfellesskapet er ope mondag - fredag kl 08 - 16.
Litt om kontorfellesskapet:
Det gamle lensmannskontoret i Prestagarden 5 er pussa opp og nyttast no som kontor og møteplass for både fastbuande og fritidsbuande.
Her finn du fleksible kontorløysningar med alt du treng av fasilitetar enten du:
- er gründar / nyetablerar
- driv verksemd frå heimekontor men du saknar eit fellesskap
- er fritidsbuande og har behov for kontor i Hjelmeland av og til eller
- har idéar som du ønsker å diskutera med andre, kort sagt ein attraktiv møteplass for idémyldring
Vil du vite meir om dette er du hjartelig velkommen til å kontakte:
Jan S. Grimstad (Tlf.: 404 39 012 | E-post: jan.sverre.grimstad@hjelmeland.kommune.no).