379633476 1035382764453858 8914948712754807891 n

Verdas største jærstol

Verdas største jærstol vart laga i samband med 100-årsjubiléet for jærstolindustrien i 1998.

Stolen er rundt 4,5 meter høg, og du finn han ved elveosen nær kommunehuset i Hjelmelandsvågen. Produksjonen av stolen stammar frå Hjelmeland i Ryfylke, medan sivet i stolsetet vart henta frå Jæren, derav namnet Jærstol.

Historia

Den aller første stolen vart produsert i 1898 av Johannes Hetlelid. Etter dette vaks det i Hjelmeland fram ein liten industri av slik produksjon. På det meste dreiv heile 10 fabrikkar med arbeid der Jærstolen var hovudproduktet. I dag er det ein fabrikk i Hjelmeland som produserar Jærstol; Aksel L. Hansson Møbelfabrikk AS.

Jærstolen er ein klassikar i norsk møbelproduksjon, og har overlevd skiftande moteretningar. Du finn den i heimar og forsamlingshus over heile landet. Hjelmeland har heile tida vore den viktigaste produksjonsstaden for stolen. I dag vert stolen levert i fleire variantar og med ulike type sete.

Jærstolar og sponkorger representerer tradisjonsrike fletteverksmønstre som me i dag også finn att i kommunevåpenet til Hjelmeland.

Verdas største jærstol
Foto: Siri Kyrkjeeide

Adresse

Vågavegen 116
4130 Hjelmeland