Lyngsheia med scooter Norsk Folkehjelp

Frå Lyngsheia. Foto: Norsk Folkehjelp - Strand og Forsand

Lyngsheia

Lyngsheia har i mange år vært eit populært turområde, både sommar og vinter. Mange ryfylkingar nyttar området i tillegg til at reisetida frå Stavanger og Nord-Jæren er korta veldig ned gjennom Ryfast. Kjem du med bil frå Stavanger kan du nå dette flotte heiområde på omlag 40 min.

Norsk Folkehjelp - Strand og Forsand har ei vakthytta i Lyngsheia der dei har beredskap kvar helg frå januar til Påske. Når forholda gjer det mogleg kjører dei opp skiløyper. Du finn oppdatert informasjon om ski- og løypeforhold og om vatna er trygge på deira Facebookside.

Finn fram

Frå Riksveg 13 (Ryfylkevegen) nederst i bakkane ned frå Tveidebrekka følger du skilting mot Lyngsheia og Songesand. Følg først Rivelandsvegen og kjør brua over Ullestadåna. Like etter svingar du av til høgre mot Lyngsheia og følger Songesandvegen opp i heia fram til vakthytta til Norsk Folkehjelp - Strand og Forsand.

Facebook | Norsk Folkehjelp - Strand og Forsand

Slideshow Items