Foto: Jan S. Grimstad

"Fisterbu" - dagsturhytta på Fisterfjellet

Dagsturhytta i Hjelmeland finn du på Fisterfjellet, med nydeleg utsikt over Ryfylke!

"Fisterbu" blir offisielt opna 1. juli 2022.

I tillegg til å vera eit flott turmål i seg sjølv, bidreg Rogaland fylkesbibliotek og Ryfylkebiblioteket Hjelmeland med eit turbibliotek i "Fisterbu", noko som gir ei turoppleving utover det vanlege.

Det har vore ei målsetting at hytta blir lett tilgjengeleg for flest mogleg, då ho først og fremst skal vera eit kvardagsturmål. Dagsturhytta er universelt utforma, og ut frå eit klima- og miljøperspektiv har det òg vore viktig at ho er lett å nå til fots. Det er òg gjort vurderingar for å ta mest mogleg omsyn til naturmangfald og kulturminne ved plassering av hytta.

Finn fram

Sving mot Fister skule ved Joker-butikken på Fister. Køyr opp Solbjørvegen til parkeringsplassen. Vegen til Fisterbu er merkt. Dagsturhytta har storslått utsikt over det meste av Ryfylkeøyane. Bålpanne og moglegheit for grilling ved Fisterbu. Turen passar godt for familiar, men ikkje barnevogn.

Prosjektet

Dagsturhytteprosjektet i Rogaland er eit samarbeid mellom kommunane, Sparebankstiftelsen SR-Bank, frivillige organisasjonar og Rogaland fylkeskommune.

Slideshow Items