Fossane 2

Foto: Morten Hetland

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

av Morten Hetland

Janneke (53) og Martijn (62) vaks opp i kvar sine landsbyar heime i Nederland, og dei møtte kvarandre medan dei studerte biologi i Nijmegen.

– Me treivst veldig godt i Nijmegen, men samtidig sa me til kvarandre at dersom me skulle flytta, så skulle me flytta ut av byen, forklarer Janneke og Martijn.

Og slik blei det: Saman med døtrene Juul (25) og Noor (21) flytta dei ikkje berre ut av byen, men ut av sitt eige heimland, til Norge og Suldal.

– I to år forpakta me Vikane Hyttetun i Suldalsosen, men eigaren ville tilbake, og me måtte avslutta leigeforholdet. Me bestemte oss likevel for å bli verande i Suldal, fortel Janneke og Martijn.

STRAUM OG TURISTAR

Me spoler elleve år fram i tid: Martijn arbeider som naturfag- og biologilærar ved Sauda vidaregåande skule si avdeling på Sand, og underviser mellom anna elevane på ToppVolley Norge. Janneke er leiar i formidlingsavdelinga til Ryfylkemuseet, og har mellom anna ansvar for arrangementa i Vigatunet. Dei er godt etablerte, og døtrene har blitt vaksne, men Janneke har begynt å spørja seg sjølv om det er dette ho vil jobba med "resten av livet".

– Heilt tilfeldig kom eg over ei lenke til Jone-bloggen: «Her kan du leva av å selja straum og husa turistar!». Ønsket om å driva med turisme kom tilbake i prosessen med å finna ut kva me brann for. Når ein jobbar med slikt – grev litt og begynner å tenka over kva ein ynskjer å jobba med – så dannar det seg nokre idéar i hovudet. Desse idéane stemte ganske godt med denne garden, med turisthytter og kraftstasjon, fortel Janneke.

TURISTHYTTER: På Fossane kan turistane velja mellom tre unike hytter, alle med originale tømmerveggar og gammal atmosfære. Hyttene har òg dusj, toalett og fullt utstyrt kjøkken, slik at sjarm og komfort går hand i hand. (Foto: Morten Hetland)

Kari og Sven Egil Sørensen starta med turisme på Fossane i 1989, og hadde modernisert tre eldre hus til turisthytter, men alderdom og sjukdom førte til at dei la garden ut for sal på den opne marknaden seinhausten 2019.

– Me hadde aldri høyrt om Vormedalen, men det passa fint å ta sundagsturen til Fossane denne helga, fortel Janneke og Martijn.

Suldølane frå Nederland hadde eigentleg tenkt å bli verande i Suldal, men dei blei begeistra då dei såg hyttene på Fossane med eigne auge: Det var nesten som eit lite museum, og i tillegg kunne dei kombinera turisme med berekraft og gardsliv.

– Det å bu på gard, var ein gammal draum som eg eigentleg hadde lagt vekk, fortel Janneke, som sjølv er oppvaksen på gard med mjølkeproduksjon.

Medan garden var toppen av kransekaka for Janneke, var Martijn meir interessert i kraftstasjonen på garden.

– Med ein installert effekt på 150 kW kan me produsera inntil 1,3 GWh med fornybar straum kvart år, fortel Martijn engasjert.

VAKTMEISTER: Martijn er vaktmeister på Fossane Minikraftverk, og syt for at dei tre turbinane og generatorane sviv som dei skal. Til høgre i biletet står restane av det gamle kraftverket, som var i drift i den same bygningen i perioden 1950–1975. (Foto: Morten Hetland)

Alt klaffa, og familien måtte dermed vurdera om dei orka eit nytt brot; denne gongen å forlata Suldal til fordel for Fossane Gard. Det gjekk ikkje mange dagar før dei valde å ta sjansen, la inn bod på garden, og fekk tilslaget: Suldølane skulle bli hjelmelandsbuar.

Dei selde huset på Sand, og overtok Fossane i mai 2020. Men det var ikkje berre enkelt å koma som ny til bygda, utan å ha felles møteplassar der ein kunne bli kjent med sambygdingane.

– Korona-pandemien var ikkje med i planlegginga vår. Alle fellesarrangementa knytta til 17. mai, sankthans og jul blei avlyst, sukkar Martijn, før han legg til at han og Janneke endeleg har begynt å landa sitt nye liv i Vormedalen.

– Nå har me fått oppleva 17. mai-feiringa i Vormedalen, slik den skal vera. Det var veldig kjekt at alle endeleg kunne samlast, og me sa sjølvsagt ja då dei spurde oss om å bidra i komitéen, smiler han.

ROLEG OPPSTART

Medan det norske reiselivet har tapt store pengar på korona-restriksjonane, fekk dei nye drivarane på Fossane Gard ein roleg oppstart.

– Den første sesongen satsa me på turistar frå nærområdet, og fekk mange gjester frå Stavanger. Sommarsesongen var litt kort, men me fekk tid til å gradvis tilpassa oss til marknaden, samtidig som me kunne finna vår måte å driva på, forklarer Janneke og Martijn.

Hausten 2021 letta regjeringa på innreiserestriksjonane, og bestillingane for sommaren 2022 begynte å tikka inn. Den nye ferjeruta mellom Nederland og Norge har òg ført til at fleire nye turistar har oppdaga Ryfylke. Denne sommaren har Fossane Gard hatt flest gjester frå Belgia, Nederland og Tyskland, men nokre franske familiar har òg funne vegen til Vormedalen.

– Etter kvart som landegrensene har opna igjen, har nokre av Kari og Sven Egil sine utanlandske stamgjester òg kome tilbake til Fossane. Det er rart å tenka på at fleire av dei har vore på Fossane lenger enn oss, seier Janneke.

ATMOSFÆRE: Når turistane reiser vidare frå Fossane Gard, er det Janneke som ryddar i hyttene. Før hytta er klar til å ta imot nye gjester, må gardiner, sengteppe og dukar ligga rett. Atmosfæren i hyttene er spesiell, men ikkje uvant for Janneke, som mellom anna har vore formidlar i Ryfylkemuseet. (Foto: Morten Hetland)

Vertskapet på Fossane hadde sjølv sitt første møte med Ryfylke som turistar, noko som blei direkte medverkande til at dei flytta til Suldal i 2006. Janneke forstår godt at gjestene hennar har lyst til å bli verande på Fossane når dei først har funne vegen hit.

– Me ligg såpass avsides at folk må oppsøka oss, og dei fleste er her i minst to netter. Gjestene må liksom vera her i eitt par dagar før dei kjem i riktig modus – før dei ser gleda i det enkle – og då er det ingen som har lyst til å reisa igjen, fortel Janneke, og legg til at mange av foreldra som har overnatta på Fossane har sagt at dei likar at hyttene ikkje har wifi og fjernsyn.

Tidlegare i år blei Fossane Gard sertifisert som den første økoturisme-bedrifta i Rogaland. Dei grunnleggande prinsippa for økoturisme er at aktivitetane er natur- og kulturbaserte, har gjennomgåande liten miljøpåverknad og er sosialt, økonomisk og klima- og miljømessig berekraftige.

JÆRHØNS: Søstera til Janneke ferierte på Fossane saman med mann og barn i sommar. Juul lar søskenbarna sine, Tijmen (10) og Julan (6), helsa på jærhønsa på garden. (Foto: Morten Hetland)

Utan moderne kommunikasjon, finn gjestene på Fossane ein særeigen ro. Etter kvart har mange turistar helst på dyra på garden, fått omvising i kraftstasjonen og bada eller fiska i Giskelivatnet. Vertskapet passar òg på å senda gjestene sine ut til lokale turperler som Ritlandskrateret, Eventyrskogen, Skomakarnibbå, Trodla-Tysdal, Hjelmen, gapahuken ved Bjødnabu ski- og friluftsanlegg eller Melands Grønahei. Det er òg mogleg å overnatta i Subbeli – stølen som høyrer til Fossane Gard.

– Me sender dei òg til gardsbutikkane til blant anna OmCider, Apal Sideri og Ryfylke Gardsysteri. Det er kjekt å kunna visa fram lokale opplevingar og matprodusentar, fortel Janneke.

LOKAL TURIST: Noor Bellemakers studerer i Nederland, og då ho tok med seg kjærasten, Hugo van Gelder, til Fossane i sommar, tok dei sjølvsagt turen til Melands Grønahei. (Foto: Noor Bellemakers)

NOK Å HENGA FINGRANE I

I tillegg til drifta av Fossane har Janneke fått seg jobb som ringevikar hjå Extra Hjelmeland, medan Martijn framleis jobbar som lærar ved Sauda vidaregåande skule. Gjennom lærarstillinga er han òg utleigd til Nettskolen Rogaland, så arbeidsdagane hans er ein kombinasjon av heimekontor på Fossane og pendling til Sand eller Stavanger.

I haust reiste eldstedottera Juul tilbake til Utrecht for å fullføra lærarutdanninga si, medan yngstedottera Noor er i gang med ein bachelor i kommunikasjon i Nijmegen. Den aktive kvelpen Fossa får halda Janneke og Martijn med selskap når turistsesongen går mot slutten, men noko latmannsliv har dei ikkje tid til.

GARDSHUND: Når eldstedottera Juul har reist tilbake til Nederland for å studera, har Martijn og Janneke framleis mykje selskap i gardshunden Fossa. (Foto: Morten Hetland)

– Det finst nok av arbeid på ein gard: Løa skal malast og vindauga i Folgå treng restaurering. Me nyttar høvet til å arrangera kurs i restaurering av vindauge saman med Fortidsminneforeningen seinare i haust. Dessutan skal eg studera ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, for å få meir kompetanse i gardsdrift. Så vil tida visa korleis me vidareutviklar Fossane, ramsar Janneke opp.

– Så får me sjå kva tid me kan ta oss ein liten ferie. Kanskje me berre må booka oss inn på éi av hyttene, spøker Martijn.

– Ja, ja… Det er som dei seier: Dette er ikkje ein jobb, men ein livsstil. Me tar oss god tid til gjestene når dei kjem, me har litt ferie kvar dag, og så tar me kaffikoppen når me vil, konkluderer Janneke.

SPESIELL GARD: På Fossane i Vormedalen driv Janneke og Martijn gardsbruk (nærast), hytteturisme (bak gardshusa) og kraftstasjon (nede ved elva til venstre i biletet). (Foto: Morten Hetland)

Andre artiklar

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Les meir

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

Les meir

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

Les meir

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.

Les meir

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

Les meir

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.

Les meir