Skomakarnibbå

Har du enda ikkje oppdaga majestetiske Skomakarnibbå? Ta turen opp og kryss av på buckelista di!

Skomakarnibbå heng 700 meter over Jøsenfjorden, og her får du ei spektakulær utsikt over Ryfylke!

Sagnet om skomakaren

Sagnet fortel at ein skomaker var dømt til døden. Nokon gode folk fekk han benåda mot at han skulle sitte på dette fjellet sin ytterste spiss og sy ferdig eit par sko. Han kravla seg utover den smale eggen og begynte arbeidet. Då han skulle ta hammaren og slå siste nagle, fekk han auge på eit brudefølge som rodde utover fjorden under ham. Han blei svimmel, mista balansen, styrta utfor og forsvant i avgrunnen. Skomakarnibbå som fekk namnet etter denne tragiske hendinga, skal ramle ut i fjorden når 7 søstre giftar seg med 7 brødre på same dag og ror utover fjorden.

Finn fram

Sving av vegen i rundkjøringa ved fergekaien, inn mot Vormedalen. Køyr forbi Hjelmeland kyrkje og etter 300-400 meter ta av vegen til venstre mot Hagalid. Her står det også eit skilt med "Skomakarnibba" på. Følg vegen til du kjem til endes, parker på parkeringsplassen før du kjem til gardstunet. Turen opp startar ved parkeringsplassen og tek ca. 5-6 timar tur retur. Nokre parti kan vera våte på grunn av myr, så ta på gode sko. Hugs også å ha med godt med klede, ein veit aldri korleis vêret er når ein kjem på toppen.