Ritlandskrateret 0

Foto: Pål Christensen, Stavanger Aftenblad

Ritlandskrateret

Veit du - for ca. 500 millionar år sidan krasjlanda ein meteoritt på Ritland! Krateret er ca. 2,7 km i tverrsnitt, men det er delvis skjult.

Turen startar på Kleivaland i Vormedalen. Løypa følger for det meste traktorveg frå parkeringa, i lett terreng og på godt underlag. Når du kjem til gapahuken har du utsikt ut over krateret. Her finn du også rikeleg med informasjon om krateret. I enden av krateret vil du sjå ein 400 meter høg skrent, denne skrenten er restar av sjøleire som fylte krateret etter danninga. Dette er einaste staden i Rogaland der du kan finna fosil i fjellet.

På returen kan du følge same veg tilbake, eller ta Stavanger Turistforening si merka løype til mellom anna Melands Grønahei eller Kleivaland.

Turen tek ca. 1 time kvar veg.

Foto: Pål Christensen, Stavanger Aftenblad.

Finn fram

Frå Hjelmeland følg du skilting inn mot Vormedalen. Her finn du skilt vidare til parkering for turen til Ritlandskrateret.

Ritlandskrateret vinterstid

Foto: Pål Christensen, Stavanger Aftenblad.