Foto: Morten Hetland

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

av Morten Hetland

Kvar skuledag pendlar Ola Rodrigo (9), David (11), Norah (12), Bente (36), Svein Carlos (37) ut av Hjelmeland kommune. Det er gjerne ikkje så uvanleg at vaksne pendlar til ein annan kommune på jobb, men i Jøsenfjorden reiser òg dei 20 grunnskule-elevane med buss til nabokommunen Suldal.

Jøsenfjorden er dermed den einaste bygda i Hjelmeland som har nærskulen sin i ein annan kommune. Foreldra i bygda har sjølv bede om det, og kommunestyret i Hjelmeland vedtok å flytta elevane frå Jøsenfjorden til Suldal frå og med skuleåret 2017/2018.

– Det blei ein ny kvardag då ungane endeleg kunne få gå på nærskulen sin og delta i idretts- og fritidsaktivitetar saman med klassekameratane sine i Erfjord, fortel Bente og Svein Carlos.

AKTIV FAMILIE: Ungane går på mange organiserte fritidsaktivitetar, men dei likar òg den uorganiserte fritida. Når Norah får lyst til å grilla pølser i hagen, hjelper Svein Carlos velvillig til med å spikka opptenningsved til bålet. (Foto: Morten Hetland)

MELLOM FJORD OG FJELL

Trebarnsfamilien set òg pris på at det er kort veg til både fjord og fjell. Vinterstid reiser dei gjerne til Gullingen for å stå på ski, og om sommaren er dei ofte nede ved sjøen for å bada eller kjøra båt. Elles er Fjordahuset ein viktig samlingsplass for bygda, der bygdefolket arrangerer alt frå påskefest og karneval, til høgtlesing i bokrommet og bygdakveldar.

– Bente og eg bidrar i både Jøsenfjorden Bygdeutval og Jøsenfjorden Fritidsklubb. Nå jobbar Bygdeutvalet blant anna for å få i stand ein ballbinge i Jøsenfjorden, og Fritidsklubben har planar om bålkveldar, torgdag og fiskefestival. Og når det er gudstenester i Jøsenfjorden bedehuskapell, så er Bente med der òg, som klokkar. Me er med på det meste som skjer, smiler Svein Carlos.

– I Jøsenfjorden går ein på både Fjordahuset og bedehuset, og ein blir ikkje sett i bås, for alle må bidra uansett. Heldigvis er det mange positive folk her, som stort sett seier ja. Viss folk hadde hatt nok med seg og sitt, så hadde me gjerne ikkje fått det lokalsamfunnet som me vil ha, utdjupar Bente.

JA-MENNESKE: Bente seier ja til mykje, og folk utanfor Jøsenfjorden kjenner ho gjerne best som ein habil songar. Mellom anna har ho vore solist saman med Hjelmeland Storband ved fleire høve, her på Høiland Gard i 2010. (Foto: Morten Hetland)

Bente er den mest scenevande i familien. Ho har sunge i ulike samanhengar, spelt i Hjelmeland Teater si framsyning av «Indianeren» og vore fast aktør i den lokale påskerevyen i ei årrekke.

– I år må me diverre avlysa påskefesten, men me er klare for fullt igjen til neste år. Me merkar at folk treng litt meir tid på å koma seg ut av "korona-dvalen", sukkar Bente, som kriblar etter at bygda kjem seg tilbake til kvardagen.

– Men nå er det snart 17. mai, og då skal det feirast. Me har til og med vårt eige korps her inne, skryt Svein Carlos.

– Men far kan eigentleg ikkje spela, så han får det alltid travelt med øvingar kvar einaste dag i den siste veka før 17. mai, avslører Norah.

– Nei, i år kom eg med det revolusjonerande forslaget om å ha fem–seks fellesøvingar i forkant, og dei fleste var faktisk positive til det, parerer Svein Carlos.

Sjølv om både Bente og Svein Carlos engasjerer seg i "alt" som skjer i Jøsenfjorden, og Svein Carlos i tillegg trenar eit fotballag i Erfjord, er foreldra glade for at ungane òg greier å aktivisera seg sjølv.

– Me treng ikkje organisera ungane i hel. Sjølv om dei går på organiserte aktivitetar, som fotballtrening og 4H i Erfjord, og Yngres og Onsdagsskulen heime i Jøsenfjorden, er det veldig kjekt at dei berre kan gå ut av døra og finna på noko. Ungane våre lærer at viss ein skal få til noko, må ein organisera det sjølv, forklarer Bente, og legg til at dette er ein verdi som mange byfolk gjerne går glipp av.

LEIKAR BONDE: Ei lita grein med småkvister kan koplast til hengarfestet, og dermed kan Ola Rodrigo kjøra "plogen" på marka utanfor huset. Det er ikkje vanskeleg å finna på noko, når ein har heile bygda som leikeplass. (Foto: Morten Hetland)

Bente er sjølv frå Jøsneset, så ho veit korleis det er å veksa opp i ei lita bygd. Svein Carlos møtte ho på ungdomsskulen på Hjelmeland. Dei busette seg i Jøsenfjorden i 2007, etter eitt år i USA, og etter kvart stifta dei familie. Seinare bygde dei nytt hus på Hauga, og for nokre år sidan overtok dei gardsdrifta på heimegarden til Svein Carlos.

– Det er som å bu på hytta. Me bur i ei flott bygd, med fantastisk utsikt utover Jøsenfjorden, og her har me tusen prosjekt å jobba med, meiner Svein Carlos.

Kanskje overdriv han noko, men familien Gjil har som oftast meir enn nok å henga fingrane i. Som så mange andre gardbrukarar har både Bente og Svein Carlos heiltidsjobbar utanom gardsdrifta; Bente som einingsleiar ved Imsland skule og barnehage, og Svein Carlos som skulefagleg ansvarleg i Vindafjord kommune.

– Eg har ein jobb med mykje ansvar, og då kan det vera greitt å kopla av med ein tur inn i fjoset. Viss ein ser bort frå at ein treng ei inntekt å leva av, så kunne me ha jobba på garden heile dagane. Det å driva gard er ein livsstil, ikkje ein hobby. Heldigvis får me god hjelp av far, som blei pensjonist for nokre veker sidan, og så har me ein flink avløysar som hjelper oss når det trengst, forklarer Svein Carlos.

– PLUKKAR DET BESTE

Sjølv om ungane går på skule i Suldal, og begge foreldra jobbar i Vindafjord, kjenner familien likevel ei sterk tilknyting til Hjelmeland.

– Me kjenner jo på ein Hjelmeland-identitet i botnen, men mange i Jøsenfjorden kjenner nok på ei tiltrekking mot Suldal i tillegg. Sjølvsagt blir me meir "suldalsvridde" enn andre hjelmelandsbuar, når me bur midt mellom Hjelmeland og Suldal, men det òg ein stor fordel at me kan plukka det beste frå begge kommunane, meiner Svein Carlos.

– I starten av mars deltok David i UKMHjelmeland Samfunnshus den eine dagen, og seinare i veka var me på Sand for å bada, illustrerer Bente.

STUNT OG TRIKS: David gjer stunt og triks på både trampolinen og når han badar. Tidlegare i vår deltok han i UKM på Hjelmeland, der han viste fram sin eigen dødsefilm. (Foto: Morten Hetland)

Trening og fysisk aktivitet er berre éi av interessene til familien Gjil. Både Bente og Svein Carlos kan visa til gode resultat som løparar, og som tenåring var Svein Carlos eitt av dei største løpstalenta i landet. Han deltok til og med i ungdoms-OL i si tid.

Interessa for å halda seg i form tok dei med seg då dei flytta heim til Jøsenfjorden. Der bygde dei opp Gjil Aktivitetssenter i det gamle Statkraft-bygget i Haugevika. Aktivitetssenteret opna i 2008, og var eit kombinert treningsstudio og eventbyrå som dei dreiv dei ved sida av sine faste jobbar som lærarar.

TRENINGSGLEDE: Svein Carlos og Bente starta i 2011 arbeidet med å bygga opp eit treningssenter i toppetasjen på Sandetorjå. (Foto: Morten Hetland)

I 2011 leigde Bente og Svein Carlos store delar av toppetasjen på Sandetorjå, og etablerte historias første treningssenter på Hjelmeland. I dag driv TOPP Treningssenter i dei same lokala, og Bente og Svein Carlos har førebels nok med jobbane sine i Vindafjord kommune.

– Men både eg og Svein Carlos er rastlause, så ingenting er skrive i stein. Me likar å utvikla oss, og då må me våga å prøva nye utfordringar, seier Bente.

HEKTISK KVARDAG

Ja, dei vedgår at kvardagen kan vera hektisk, men familien Gjil veit å prioritera.

– I utgangspunktet har me sundagen som ein familiedag. Denne eine dagen, der me får kopla av og gjera noko saman, er gjerne det viktigaste limet i familien. Då unngår me jobbing på heimekontor, og på garden tek me berre det som er heilt nødvendig, fortel Svein Carlos.

Familien likar å gå turar og tenna bål, og dei har gjerne med telt eller lavvo. I det siste har overnatting i hengekøye òg blitt populært, og dei har bestilt seg ny campingvogn. Ungane er òg med på jakt eller til turpostane i Jøsenfjorden. Og så har heile familien ein felles lidenskap: Fotball.

– Når det er fotballkamp på skjermen, pregar det heile dagen, ler Svein Carlos.

Heile familien heiar på Manchester United. Ja, utanom Norah, som snart skal reisa med faren på Tottenham-kamp i London. Tidlegare i år var David med foreldra til Old Trafford, og såg Manchester United spela kamp på heimebane.

– Ronaldo er forbildet mitt. Eg lærer mange triks av han, fortel David.

Den brennande fotballinteressa er gjerne eit ekstra påskot for å legga inn nokre ekstra utanlandsreiser i løpet av året.

– Sjølv om me bur på ein liten plass, er me glade i å reisa. Det ein manglar i kvardagen – bylivet med shopping – er gjerne berre ein kjøretur unna. Det er kort veg til både Sola og Karmøy, seier Bente.

– Og når me først reiser, er det kjekt å koma heim igjen. Då forstår me kor heldige me er, som får bu her. På denne måten får me i både pose og sekk, legg Bente til.

RØRANDE MØTE

Før jul tok Bente og Svein Carlos ein "svipptur til Colombia", som dei spøkefullt kallar det. Svein Carlos – som blei adoptert frå Colombia – fekk kontakt med si biologiske mor i februar 2021. I desember fekk han endeleg møta mora Nora og halvbroren Hector Fabian i Córdoba, i fjella og dalen der han har sine biologiske røter.

FØRSTE MØTE: I desember 2021 fekk Svein Carlos møta halvbroren Hector Fabian og mora Nora for første gong. (Foto: Bente Tednes Gjil)

– Nora gav meg til barnevernet då eg var åtte månader gammal. I august 1986 fekk eg ein ny familie, med mor og far i Noreg, i ei lita bygd, så norsk ein kan få det. Eg har hatt ein fantastisk oppvekst. Eg har vunne i lotto, seier Svein Carlos tankefullt.

Bente og Svein Carlos meiner at i-landsproblema våre bleiknar mot oppveksten som Svein Carlos kunne hatt, viss han ikkje hadde vore så heldig å bli adoptert til Noreg.

– Livet i Colombia er så fjernt frå kvardagen vår. Eg tykkjer det var godt å få sjå området som kunne vore min levestad. Likevel er det på same tid trist og rart å tenkja på at dersom eg hadde budd der, hadde eg hatt lita eller inga framtid. Det er store kontrastar i korleis folk har det – frå ekstrem fattigdom til luksus – ofte i same gate. I den eine enden er det rikt og flott, og i den andre enden bur ungar under skråtak og i skur, fortel Svein Carlos.

Svein Carlos håpar at han og Bente snart kan ta med Norah, David og Ola Rodrigo til Colombia, slik dei òg får sjå heimplassen til faren sin og møta familien der.

– Det er viktig å læra ungane at livet ikkje alltid er like kjekt, sjølv om det gjerne kan sjå slik ut i sosiale media. Heldigvis bur me på ein liten plass, der me gjerne viser meir omsorg for kvarandre enn i større bygder og byar. Det er trygt og godt å bu her i Jøsenfjorden, seier Bente, og får eit anerkjennande nikk frå mannen sin.

– Og viss nokon andre tenker at det hadde vore kjekt å flytta hit, så kan ein jo berre prøva det eitt år og sjå korleis det går. Det er ikkje så farleg å gå ut av komfortsona av og til. Det er nå me lever, konkluderer Bente og Svein Carlos, før dei går ut i hagen for å tenna bål og grilla pølser saman med ungane.

BONDEFOTO: – Me kan jo sitja på rundballane, føreslår ungane, før dei klatrar oppå den høgaste rundballen. (Foto: Morten Hetland)

Andre artiklar

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Les meir

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

Les meir

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir