Jansen Bomark 07

Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

av Morten Hetland

– I Hjelmeland er det faktisk mogleg for unge par å bygga draumen, fastslår Natalie, som er svært fornøgd med å ha fått med seg sambuaren på å flytta til Hjelmeland.

GOD PLASS: I tillegg til to altanar på framsida av huset, har småbarnsfamilien fått plass til eit triveleg, sørvendt uteområde. (Foto: Morten Hetland)

Då dei ikkje hadde ungar, sa Espen til Natalie at han aldri kom til å flytta inn til Hjelmeland.

– Eg er fødd og oppvaksen i byen, og har alt «mitt» der. Rett nok hadde eg vore på besøk i Hjelmeland ein del gonger, sidan Natalie er herifrå, men eg følte at Hjelmeland var så langt borte frå alt, at eg aldri kunne tenka meg å bu her, hugsar Espen.

LANG VEG MOT MÅLET

Men Espen sitt syn på landsbygda skulle forandra seg då han og Natalie blei foreldre til Caspian (5) for fem og eit halvt år sidan.

– Natalie fortalde at ho hadde fått tilbod om å kjøpa ei tomt under Hjelmen, like ved barndomsheimen hennar, og som nybakt far hadde eg ikkje tid til så mykje anna enn jobb og familieliv. Då begynte tankane å endra seg. Eg visste at Hjelmeland var ein veldig fin plass, og at det var trygt og godt for Caspian å veksa opp her inne. Viss me i tillegg kunne få til å bygga eit hus, så låg det meste til rette for oss, fortel Espen.

Så ein dag Espen var på besøk hjå sine foreldre i Sandnes, og Natalie var på besøk hjå sine foreldre på Hjelmeland, ringde Espen med den gledelege beskjeden:

– Skal me flytta inn til Hjelmeland då? Eg er med på å flytta inn, men då skal me ha den tomta, og så skal me bygga funkishus. Me kan gjerne venta litt, men eg er med, rakk Espen å seia, før gledestårene trengde seg på hjå Natalie.

– Espen hadde kanskje tenkt å venta i nokre år, men i løpet av eit par månader hadde han fått jobb som tømrar i Hjelmeland Bygg, og me flytta inn i kjellaren hjå foreldra mine i 2017. Der budde me i halvanna år medan me bygde hus på nabotomta, legg Natalie til.

TØMRAR: Espen Bomark (nummer to frå venstre) fekk jobb som tømrar i Hjelmeland Bygg før han flytta til Hjelmeland. I tillegg til å bygga på sitt eige hus, bygde han mykje på Epleriet på Helgøy saman med Svein Kåre Einervoll (nummer to frå høgre). Her står dei saman med huseigar Kristen Helgøy (t.v.) og dagleg leiar i Hjelmeland Bygg, Birger Laugaland (t.h.). (Foto: Anne Norunn Helgøy)

Det unge paret flytta til Hjelmeland under pappapermisjonen til Espen, så han fekk mykje tid saman med Caspian. Etter permisjonen starta Espen i ny jobb i Hjelmeland Bygg, medan Natalie var heime og tok seg av Caspian. Omtrent samtidig starta dei bygginga av sitt eige hus. Men vegen til draumehuset var ikkje berre enkel.

– Før me kunne bygga noko som helst måtte me gjennom ein lang søknadsprosess. Hovudproblemet var at tomta låg i eit område som ikkje var regulert, og me ville bygga eit utradisjonelt funkishus. Byggesaka måtte difor behandlast politisk, men heldigvis stemde politikarane for å gje oss byggeløyve. Det blei ein tårevåt kveld då me fekk det positive svaret som me hadde venta på, fortel Espen og Natalie.

REALISERTE HUSDRAUMEN: Espen Bomark og Natalie Jansen er strålande fornøgde med at dei har fått løyve til å bygga draumehuset på Hjelmeland. (Foto: Morten Hetland)

Dei har lagt ned enormt mykje eigeninnsats i husdraumen. Espen, som har fagbrev som tømrar, bygde på huset kvar bidige dag og helg i halvanna år. Og med utdanning som interiørkonsulent, var det naturleg at Natalie tok seg av fargar, design og alt av interiør.

– Eg er veldig interessert i interiør og design, og det har vore kjekt å kunna ta det inn i sin eigen heim. Her går det an å prøva og feila, seier Natalie.

– Ja, ho har byta ut to–tre sofaer, før me enda opp med den me har nå, legg Espen til, og begynner å le.

– Men éin gong blei eg skikkeleg irritert: Me hadde bestilt sofa og venta i lange tider, og når me om sider hadde fått den i hus og montert den, så låg den ute på Finn.no før eg visste ordet av det, legg han til.

INTERIØRDESIGN: Natalie elskar å eksperimentera med interiør og design, her frå soverommet til William. (Foto: Morten Hetland)

– BALSAM FOR SJELA

For drygt sju månader sidan blei Natalie og Espen foreldre til William, og Caspian fekk ein bror og ein ny leikekamerat. Sjølv med den siste familieauken har småbarnsfamilien rikeleg med plass til å leva det gode livet på Hjelmeland.

– Eg hugsar tilbake til då me budde i byen, og skulle heim til Hjelmeland på besøk. Då me kom ned frå Byrkja, og nærma oss Hauskje, og såg kveldssola over gardane der… Det var som balsam for sjela. Og nå får me bu her kvar einaste dag; med frisk luft og springvatn som smakar godt. Det er roleg og behageleg her, og så kan me heller oppsøka kaoset i byen når me vil, meiner Natalie.

– Og så er det ikkje meir enn ein times tid til Stavanger etter at Ryfast opna, og det er sjølvsagt eit stort pluss, legg Espen til.

Overgangen til livet på landsbygda blei gjerne størst for Espen, som flytta vekk frå nettverket sitt i byen. Nå har han fått ein ny kvardag og eit nytt liv i Hjelmeland.

– Eg har blitt kjent med veldig mange kjekke folk, og har fått nye venner og relasjonar her. Det skuldast nok at eg har gjeve meir av meg sjølv her enn i byen. Mellom anna har eg spelt trommer i bandet til Hjelmeland Teater, og det hadde aldri skjedd i Stavanger. Det fine med Hjelmeland er at alle blir inkluderte. Her er det er ingen opptakskrav: Så lenge ein er interessert og engasjert, er ein velkommen til å vera med, oppsummerer Espen.

TROMMISAR: Espen har spelt trommer sidan han var 8–9 år gammal, og gitar sidan han var 17–18 år gammal. Caspian har allereie begynt å leika seg med lydar og rytmar på det digitale trommesettet, lenge før han har begynt på skulen. (Foto: Morten Hetland)

Sambuarparet meiner at det har blitt meir trivsel og eit større miljø på Hjelmeland på dei få åra dei har budd her saman.

– Etter at me bygde, har det òg kome fleire nye hus og bygg. Det er kjekt å sjå at det er ein del byggeverksemd her. Då ser det betre ut med ein gong, meiner Espen.

– Ja, Hjelmeland har utvikla seg veldig positivt. I seinare tid har me blant anna fått ny restaurant, take away-pizza, treningssenter, motell, glamping og lokalprodusert sider. Samtidig er det kjekt å sjå at bedriftene i Hjelmeland har blitt veldig flinke til å marknadsføra seg sjølv, samtidig som dei heiar på kvarandre, meiner Natalie, som òg har hatt ein periode i styret til Hjelmeland Handels- og Serviceforening.

Espen og Natalie set òg pris på naturen i Hjelmeland, og på dei mange turane i nærmiljøet.

– Etter at Hjelmelandsbrua blei bygd, fekk me ei naturleg turløype midt i sentrum, skryt Natalie.

– Ja, for mange er det ein draum å ha så mange turar som det finst her inne. Og me er så heldige at me har desse turane rett utanfor stovedøra, supplerer Espen.

SER FRAM TIL GRATIS BARNEHAGE

Eldstemann, Caspian, er snart ferdig i barnehagen, og skal begynna i første klasse på Hjelmeland skule til hausten. Etter kvart skal minstemann, William, begynna i barnehagen på Hjelmeland. Frå hausten 2022 blir det gratis å ha barnehageplass i Hjelmeland.

–Halleluja, så heldige me er, utbryt tobarnsforeldra.

– Me hadde hatt råd til å betala for barnehageplassen, men gratis barnehage gjev oss større fridom i kvardagen. Me kan gjerne ta ein ekstra dag heime med William, eller gå litt tidlegare frå jobb. Me kan òg velja om me vil spara, betala ned på huslånet eller ha romslegare økonomi til fritidsaktivitetar, ramsar Natalie opp.

– Det var ikkje gratis barnehage då me valde å flytta hit, men nå blei det ein ekstra god bonus. Gratis barnehage er eit stort pluss for dei som vurderer å busetja seg i Hjelmeland, samtidig som det hjelper godt for hjelmelandsbuar som allereie har barn i barnehagealder, påpeikar Espen.

SNART GRATIS: Caspian (5) går sine siste månader i Hjelmeland barnehage (i bakgrunnen). Til hausten begynner han på skulen, men når litlebror William skal begynna i barnehagen, blir barnehageplassen gratis. (Foto: Morten Hetland)

Sjølv om Hjelmeland kan by på både gratis barnehageplass og fin natur, er Espen og Natalie opne på at folk òg treng jobb.

– Det har blitt lyst ut stillingar innan ulike næringar; alt frå grunnarbeid til bygging, frå fiskeoppdrett til butikkmedarbeidar, elektrikarar og maskinførarar, eller som kunderådgjevar i Hjelmeland Sparebank. Det har òg vore fleire ledige stillingar innan helse, omsorg og oppvekst i Hjelmeland kommune, forklarer Natalie.

For eitt års tid sidan nytta Espen sjansen til å søka nye utfordringar.

– Eg var lei av å jobba som tømrar, og ville prøva noko nytt. Då søkte eg jobb hjå Tytlandsvik Aqua, og fekk ei stilling som driftsteknikar med ansvar for fôring og teknisk anlegg. Tytlandsvik Aqua er ein spanande arbeidsplass med høg trivsel og eit godt arbeidsmiljø, slår Espen fast.

Tytlandsvik Aqua driv landbasert oppdrett av postsmolt, der fisken får tid til å veksa seg endå større enn tidlegare, før den blir flytta til oppdrettsanlegg i sjø.

– Dette er vel den nye olja? Med den nye teknologien, har me fått ein meir berekraftig produksjon av sunn mat. Og folk vil jo alltid trenga mat, seier Espen.

HØGTEKNOLOGISK: Espen har ansvar for å overvaka og vedlikehalda høgteknologiske system hjå Tytlandsvik Aqua. (Foto: Arild Bomark)

– IKKJE LUKK AUGENE FOR DET ME HAR

Når folk har skaffa seg både tomt, hus, jobb, mat og fritidsaktivitetar, manglar ein berre éin ting: Nye innbyggarar. Og Natalie og Espen har saman bidratt til å auka folketalet i Hjelmeland med fire innbyggjarar. Den siste endringa i folketalet har ført til at Natalie framleis er ute i foreldrepermisjon.

– Fram til William blei fødd, jobba eg som kontor- og administrasjonsmedarbeidar i familiebedrifta Ullestad og Jansen Transport AS. Eg har òg fått prøva meg som handmann og anleggsmaskinsjåfør i den same bedrifta medan eg gjekk gravid med Caspian, men nå er det utdanning innan kontor og administrasjon som er neste mål, fortel Natalie.

UTSIKT: Frå kjøkkenet har familien til Natalie og Espen nydeleg utsikt over Hjelmelandsfjorden. Utsikta kan òg vera ei påminning om å sjå ut på det ein har, og ikkje låsa seg fast i gamle vanar og tankemønster, slik mange andre gjer. Natalie og Espen vil heller prøva å finna løysingar. (Foto: Morten Hetland)

Gjennom dei ulike erfaringane Espen og Natalie har gjort seg med livet på Hjelmeland så langt, har dei lært seg at ein kan få til mykje ved å ta litt initiativ sjølv.

– Viss ein følgjer litt med, så forstår ein at det skjer ganske mykje her allereie. Det gjeld berre å sjå kva Hjelmeland faktisk har å by på. Ikkje lukk augene for det me har. For når folk begynner å engasjera seg, utover seg sjølv og sine eige liv, skaper me eit endå trivelegare lokalsamfunn, konkluderer Natalie Jansen og Espen Bomark.

Andre artiklar

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Les meir

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

Les meir

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

Les meir

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.

Les meir

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

Les meir

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.

Les meir

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir