Restauranten
Smaken av Ryfylke er ein restaurant i hjarta av Hjelmeland sentrum.
Dei serverer mat av høg kvalitet, og i 2023 vann dei "Årets Gladmatrett". I restauranten på Hjelmeland blir det produsert rettar av lokale råvarer og alt som Ryfylke har å by på. Dette kombinert med god service som dei dagleg strekk seg etter å oppnå.
Dei tilbyr servering i restauranten, planlegging og gjennomføring av forskjellige typer selskap, møter, catering. Elles prøver dei å legge tilrette for alt du som kunde spør etter.
Med jamne og korte mellomrom er det temahelger og bytting av menyen.
Du er velkommen til å spise lunsj, middag eller også berre å nyta ein dessert med ein kopp kaffe eller noko godt i glaset.
Dei jobbar saman for å bygge opp eit nettverk av lokale råvare-leverandørar, knytta til namnet på restauranten;- Smaken av Ryfylke!
Kontakt restauranten
Sebastian Schläwicke, innehaver - tlf. 938 04 183 eller e-post sebastian@smakenavryfylke.no
Signe Schläwicke, restaurantsjef - tlf. 452 49 862 eller e-post signe@smakenavryfylke.no
Overnatting
I tillegg til restaurant har Smaken av Ryfylke utleige av leilegheiter med stue, kjøkken, bad og soverom - i tillegg til balkong der du kan nyte solnedgangen over Ombo. Dei har også hotellrom med soverom og bad.
Er du på utkikk etter ei unik overnatting kan du overnatte i sovetønnene deira! Dei er laga av skandinaviske treslag og skal symbolisera samarbeidet dei har med alle lokale sider-produsentar og at dei har starta med eigen ølbrygging. Felles fasiliteter er disponible for gjester som overnattar i sovetønnene (bad med dysj og toalett, kjøkken og opphalds-/spiserom).
Utleige av EL-syklar
Nyt sjangsen til å utforske gardsbutikkar, turområder og området Hjelmeland når du er på besøk. Ta kontakt for leige av EL-syklar.
Kontakt overnatting og EL-syklar
Torsten Schläwicke, dagleg leiar - tlf. 474 81 798 eller e-post torsten@smakenavryfylke.no
Meir informasjon
Adresse:
Kontaktperson Sebastian Schläwicke
Vågavegen 44
4130 Hjelmeland