Suldal Vekst ansatte

Suldal Vekst AS

Suldal Vekst AS

414 48 627

leif.inge@suldalvekst.no

Eit regionalt innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling.

Suldal Vekst er ein næringshage og eit regionalt innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling i og for næringslivet i Suldal, Hjelmeland og Ryfylke. Vårt hovudmål er å bidra til etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar, og arbeida for auka lønnsemd og vekst i dei bedriftene som allereie finst. Gjennom utvikling av lokalt og regionalt næringsliv skal me bidra til ei berekraftig framtid, sysselsetting og busetjing.

Suldal Vekst har ein oppdragsavtale med Suldal kommune, og er næringshage i kommunane Suldal, Sauda og Hjelmeland. Me er ein aktiv del av det nasjonale næringshagenettverket til SIVA, og hjelper gjerne med å komme i kontakt med dei miljøa som kan vere rette for deg. Næringhageprogrammet er eit distriktspolitisk verkemiddel som er eigd av fylkeskommunar og kommunal- og moderniseringsdepartementet. Programmet skal føra til auka nasjonal verdiskaping.

Suldal Vekst er eigd av Suldal kommune, SIVA og privat næringsliv.

“Me er oppekne av nyskaping, vekst og utvikling, og heltane våre er gründerane. Du veit dei som etablerer, skaper og også sikrar arbeidsplassar slik at du og eg faktisk har eit arbeid å gå til kvar dag, som gjer at me kan bu der me helst vil bu, og kan leva gode liv akkurat her.”
– Laila Steine, dagleg leiar i Suldal Vekst

Facebook | Suldal Vekst AS

Besøk heimesida deira for meir informasjon.

Adresse (Hjelmeland)

Kontorfellesskapet "Hjelmeland Naturlegvis!"

Prestagarden 5

4130 Hjelmeland