Fra gårdstunet

Sie gard

Sie gard

926 37 179 | 414 54 899

lise.vistnes@siegard.no

Tradisjonell og naturleg mat frå Ryfylke.

Sie gard ligg i Årdal i Ryfylke. Dei lager heimelaga syltetøy og saft på tradisjonelt vis. Bær og frukt spelar hovudrolla i syltetøyet. Det er difor ikkje krydra og har lite sukker. Hausten 2022 kjem dei til å selje syltetøy og saft på Reko-ringen. Du finn dei og i delikatessebutikken Råfersk på Tau.

Dei kjem og til å selje pinnekjøt og fenalår av eigne lam som har vore på utmarksbeite i Bønardalen i Årdal. Dei beitar på gras, urter, i skog, på myr og på lynghei. Kjøtet er vidareforedla hjå Vikedal Gardsmat på tradisjonelt vis.

Pinnekjøt og fenalår kjem til å bli selt via Reko-ringen i Stavanger og Sandnes. Ein kan og bestille frå heimesida deira. Restauranten "Smaken av Ryfylke" i Hjelmeland, kjem til å lage mat av lamma deira.

Dei jobbar for at dyra deira skal ha det godt heile året.

Besøk gjerne heimesida deira.

Instagram | @sie_gard

Adresse:

Kyrkjevegen 179

4137 Årdal i Ryfylke

Kontaktpersonar:

Lise Vistnes og Sølve Mikalsen

Slideshow Items