Fossane gard eigarane

Fossane gard

Fossane gard

911 12 973

post@fossane.no

Garden Fossane ligger idyllisk til i eit flott naturområde, ca. 200 meter over havet.

Her er tre unike hus til utleige - alle gamle hus, med dei originale tømmerveggane og den gamle atmosfæren. Alle hus har baderom og fullt utstyrt kjøkken.

Drikkevatnet på garden er fra eigen oppkomme. Strømmen kjem frå eige vasskraftverk, og du fyrer med ved som kjem frå skogen som tilhøyrer garden. Du kan låne båt eller kano til ein tur på Giskelivatnet eller til å fiske opp middagen din.

Garden er omgitt av fantastisk natur og eit unikt landskap, med bratte fjell, ville elver, mykje vatn og Jøsenfjorden nokre kilometer frå garden. Det er gode bademulegheiter i elva - eit heilt naturleg, utendørs badeland!

Fossane er også eit godt utgangspunkt for mange flotte turar som til Ritlandskrateret, Skomakarnibbå eller Trodla-Tysdal.

Velkommen til Fossane!

Besøk heimesida deira for meir informasjon.

Adresse:

Fundingslandsvegen 105
4130 Hjelmeland

Slideshow Items