473 24 805
hei@eianegard.no
På nordsida av Jøsenfjorden ligg idylliske Eiane Gard, ein stad med vilje til å gi ei framtid mot fornying og openheit, der menneske kan møtast og nye relasjonar skapast.
Sider, mat, kunst og kultur skal vere ei viktig del av opplevinga hos Eiane Gard. Dei ønsker å vere eit ledande kompetansehus i Noreg innan naturleg flaskegjæra handtverkssider.
Eiane Gard lagar produkt av eigne råvarer med fokus på kvalitet og nyskaping. I tillegg til prisbelønna sider sel dei saftige plommer, velsmakande epler, leskande eplemost og delikat honning.
Elodie og Jon driv garden og ønsker alle velkommen for handel i gardsbutikken og som ei gruppe for omvisning og smaking.
Instagram | eianegard
Adresse:
Kontaktpersonar Jon & Elodie, Maison Eiane AS
Indre Ryfylkevegen 914
4146 Skiftun