Turstiar på Jøsneset

Turforslag

På Jøsneset er det eit variert tilbod av turstiar som passer for dei fleste enten du vil ut på korte eller lengre turar, bratte eller meir flate. Fleire av turane er omtalt i eigne informasjonsbrosjyrar som er lagt ut i butikkane og andre møteplassar rundt i heile kommunen. Ta turen innom turistverten i biblioteket så fortel ho gjerne om turane i området!

Sjå kart over dei 12 turforslaga på Jøsneset

Turane

  • Gunlanuten 829 moh
  • Tausanibbå 500 moh, Herefjellet (bildet under er frå toppen)
  • Norda Høgaste 690 moh, Herefjellet
  • Nesdalsfjellet 170 moh, Nesvik
  • Brynå 150 moh, Asheim
  • Røssenibben 718 moh
  • Valafjellet 713 moh (bildet over er frå toppen)
  • Nesvikheia rundt
  • Høgafjell 230 moh, Knutsvik
  • Øygjadalen, Bastlid - Foss
  • Fosstemmen 380 moh, Fossmarka
  • Håvehammar 260 moh

Besøk heimesida til Jøsneset for meir informasjon om turane.

Tausanibbå
Foto - Svanhild Hjorteland Gbada