Trodla Tysdag morgon

Foto: Kjell Tysdal

Trodla-Tysdal turiststasjon

Velkommen til Reidun og Kjell si turisthytte i Trodla-Tysdal - Rogaland sin mest avsideliggande gard!

I indre enden av Øvre Tysdalsvatnet ligg Trodla-Tysdal. Her driv dei aktivt gardsbruk, basert på sauehald og reiseliv. Den gamle gardsbygninga er rusta opp, ny hytte for fotturistar og andre gjester er bygga, og eige kraftverk forsyner bygningane med straum.

Her er storslått natur med ville fjell, urer og gammal edellauvskog. Men også eit praktfullt kulturlandskap med mange synlege minner etter tidlegare generasjonar si utnytting av og samliv med naturen.

Me anbefaler fotturen over frå Kleivaland.

Finn fram

Parker på parkeringsplassen ved Kleivaland. Derifrå går du som vaksen i ca. 3 timar pluss pause ein veg. Har du med deg barn må du rekne ca. 4-5 timar ein veg.

Les meir om Trodla-Tysdal på ut.no

Dagsbesøk

Dagsturistar kan følge vegen forbi gardshusa innover dalen eller gå på stranda for å spise niste eller ta ein dukkert i Øvre Tysdalsvatn. Inngang til området er ved turisthytta. Tilgang til toalett, vasskran, bord, benker (også under tak) kostar 50 kr per person. Betal ved ankomst.

Me set stor pris på om de ikkje går i graset. Dette slår Reidun og Kjell til sauene sine.

Trodla-Tysdal
Foto: Kjell Tysdal

Overnatting

Du kan overnatte i turisthytta eller i telt.

Overnatting i turisthytta må bestillast på førehand. Ring Kjell Tysdal på tlf. 959 90 867 eller send ein e-post til post@trodla-tysdal.no

Les meir om turisthytta på ut.no

Området for telt og hengekøye er på platået nedanfor turisthytta. Bestill plass på førehand, 100 kr per person per natt.

Villcamping er ikkje tillét.

Nettsider

Du kan lese meir på heimesida deira.

Følg med på Facebook Trodlatysdal