Lyngsheia Norsk Folkehjelp

Frå Lyngsheia. Foto: Norsk Folkehjelp - Strand og Forsand

Skiløyper

I Hjelmeland finn du flott skiterreng med oppkøyrde skiløyper fleire stader i kommunen.

Visste du at alt du treng til turen kan du låna på frilager.no? Frilager er ein utlånsportal av friluftsutstyr der dei låner ut alt frå ski og hengjekøyer til stormkjøkken og gamasjar.

Pakk sekken, spenn på deg skiene og gi deg sjølv flotte opplevingar i den vinterkledde Hjelmelandsnaturen!

Du må som alltid hugse å ta omsyn til værmeldinga (frå Yr.no) og fjellvettreglane (frå UT.no).

GOD TUR!