Jøsenfjorden 1

Fjordcruise

Bli med på fjordcruise inn ville, vakre Jøsenfjorden!

Jøsenfjorden

Jøsenfjorden strekker seg innover i Hjelmeland kommune, midt i Ryfylke. Fjella ruver på begge sider av fjorden, og stig rett opp til høgder på over 700 meter over havet. Langs begge sider av fjorden ligg det gardsbruk som er i drift den dag i dag, men også gardar og husmannsplasser kor folk er flytta frå. Ein båttur på fjorden er ei minnerik oppleving. Mektige fjell kneiser rett opp frå sjøen, med den karakteristiske «Skomakarnibbå» som ein majestet midt i fjellsida. Båtturen går heilt inn til Førrebotn. Her har dei færraste vært. Staden var sentral under kraftutbygginga av Ulla-Førre anlegget. I dag bur det ingen her inne.

Kanskje får du høyre sagnet som har gitt namnet til den majestetiske fjellformasjonen Skomakarnibbå?

Les brosjyren som er laga om Jøsenfjorden - eller hent deg eit eksemplar i biblioteket på Hjelmeland.

Avgang og dagar for fjordcruise

Torsdagskveldar om sommaren.

Avgang frå

  • Judaberg kl. 17.35
  • Sæbøvågen (Fogn) kl. 17.40
  • Sør Bokn kl. 17.45
  • Byre kl. 17.50
  • Hjelmelandsvågen kl. 18.30
  • Nesvik kl. 18.35

Bestill billett til turen (tilgjengeleg i sommarhalvåret)

Les meir om avgangstider og prisar.

Jøsenfjorden
Kart over Jøsenfjorden

Slideshow Items