Fister leikeplass

Leikeplassar

Fleire stader i Hjelmeland kan du ta med barna for å leike! Kva med å ta med litt kvelds så kan barna få ut litt energi før leggetid?

Fister

Fistervågen

Leikeplass Fister

Sommaren 2021 fekk bygda seg ny leikeplass nede ved sjøen i Fister sentrum. Her er det klatretårn, rutsjebane og det me kallar for "reilestativ". Kjært barn har mange namn, og kanskje du kjenner det som eit av desse; Reile? Disse? Huske? Ronse? Føysa? Gynge? Kjekk plass for både barn og vaksne er det uansett! Sommarstid er det jo også veldig forfriskande med eit bad i sjøen.

Mosnes

Mosnes leikeplass

Køyr mot Grønvik. Når du kjem til krysset ved Solvåg køyrer du til venstre mot byggefeltet på Mosnes. Her finn du også ein rastebenk - ta med ein nistepakke og litt å drikke å nyt utsikta medan barna leikar seg!

Hjelmeland

Gyngedyr Hjelmeland leikeplass

I sentrum av Hjelmeland, rett nedanfor parkeringa til Hjelmeland kyrkje finn du ein leikeplass. Her er rutsjebane, vippedyr og sandkasse. Det er også bord som de kan eta niste eller drikke litt kaffi. Nyt utsikta mot Nesvik og Ombo!