Kanotur Steinslandsvatnet avlangt

Kanoutleige

I perioden 1. mai til 1. oktober kan du leige deg kanoar med plass til tre personar i kvar.

Med i leiga er det:

  • tre stk. flytevestar og
  • tre stk. padleårer.

Ta med eigen regningsvest til barn.

Pris

Kr 100,- for ein heil dag eller kr 50,- for ein halv dag.

Lokasjonane

Me har to lokasjonar du kan velge mellom: Hjelmelandsvågen eller Steinslandsvatnet.

Hjelmelandsvågen

Her finn du to kanoar tilgjengeleg for utleige.

Køyr ned med kommunehuset og ta til høgre bort til båthamna.

Her finn du ein bod der du hentar deg vestar og padleårer.

Adresse til kommunehuset er Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.

Bestill kanotur frå Hjelmelandsvågen.

Kanoutleige Hjelmelandsvågen

Steinslandsvatnet

Her finn du fire kanoar tilgjengeleg for utleige.

Køyr mot Vormedalen. Når du kjem forbi Hjelmeland kyrkje skal du halde høgre før brua.

Parker med det kvite, høge bygget. Adresse her er Vormedalsvegen 29, 4130 Hjelmeland.

Du finn ein skaphegar der du hentar deg vestar og padleårer.

Kanoane ligg nede ved vatnet.

Bestill kanotur på Steinslandsvatnet.

God tur!