Vågarunden 3 2

Hjelmelandsvågen

Hjelmelandsvågen er eit sentralt utgangspunkt for ein rekke turar.

Du kan ta turen herifrå til mellom anna Skomakarnibbå, Strengjatonå, Heiakodl, Hjelmen, Leite, Sandsåsen, Bjødnabu og Jøremeland. Eller du kan ta turen rundt om i Hjelmelandsvågen og få med deg den lokale historia og attraksjonane.

Sjå turkartet som beskriv turane frå Hjelmelandsvågen.

Du kan óg sjekke ut Skulp-Turen - ein tur som viser deg forskjellige skulpturar i området.

Hjelmelandsvågen

Verdt å få med seg i området

Hjelmelandsvågen er kommunesenteret. Her finn du mellom anna kommunehuset, som med si arkitektoniske utforming på mange måtar var eit oppsiktsvekkjande bygg då det vart oppført i 1963.

I tilknytning til kommunehuset finn du Vågahuset, som mellom anna inneheld Hjelmeland bibliotek, Hjelmeland bygdamuseum og Hjelmeland frivilligsentral.

I same område ligg også Hjelmeland kyrkje som vart oppført i 1858 og Spinneriet som er ein gamal industribygning frå 1873, som i dag vert nytta til ulike kulturarrangement.

Noregs fyrste bedehus blei oppført i Hjelmelandvågen i 1840, men det blei teke av flaumen i november 1940. Det nye bedehuset blei bygd på oppsida av kyrkja i 1949.

Den raude gangbrua over elva stod ferdig i 2018 og er i dag nabo med Verdas største jærstol. Her kan du óg sjå fisken hoppe i elvemunningen eller du kan prøve fiskelykken ved kaien.

Vågarunden

Gamal og ny arkitektur

Hjelmelandsvågen byr elles på ein interessant vandretur gjennom gamal og ny arkitektur. Her kan du ta ein rusletur på stien mellom dei flotte gamle trehusa og få ei kjensle av livet frå ei svunnen tid.

Saman med den gamle bebyggelsen er det óg ei fortetting med nyare bebyggelse.

Kulturarrangement, marknad og festival

Gjennom året arrangeres det mange kulturarrangement i Hjelmelandsvågen. Mellom anna er det konsertar, utstillingar og messer på Spinneriet, forfattarkveldar på Hjelmeland bibliotek og onsdagskafé på kommunehuset.

I juni arrangeres det Sankefestival i Hjelmelandsvågen, i juli er det sommarmarknader på laurdagar, i september arrangeres festivalen Ryfest og fyrste adventshelg er det julemarknad med julegrantenning og nissebesøk.

Vågen