Eventyrskogen 4

Eventyrskogen

Turen for deg som ikkje er redd for å vandre i saman med tusser og troll! Kanskje også ein ulv?

Eventyrskogen er ei trimløype for sansane dine. Her flyg ein ikkje avstad med høg puls og sveitt panne. Nei, gjennom Eventyrskogen skal du ta det med ro slik at sansane dine kan få vakne til liv - dei sansane du kanskje hadde som barn, men som har sovna med åra.

Stien du går på gjennom skogen var i gamle dagar bindeleddet mellom bygda og fjellet. Men i seinare år har det vore lite trafikk her - ein kan snakka om urørt natur. Og akkurat slik ønsker me at det fortsatt skal vera. Derfor vil me setta stor pris på at ivrige barneføter så langt det er mulig følger stien og betraktar figurane frå denne, slik at mose og lav ikkje vert skadd og skogen får lov til å visa deg den magien som ligg i urørt natur.

Ta gjerne med deg ekstra god niste eller kanskje også hengekøya og kos deg med eit opphald i kveldsturhytta som du finn rett over skogen. Her er det ei flott utsikt over Årdal!

Ta ein sniktitt på kva du kan oppleve

Film: Visit Ryfylke

Finn fram

Du finn fram ved å kjøra inn mot kyrkja i Årdal frå riksveg 13 og følger skiltinga mot Eventyrskogen. For dei som er lokalkjente ligg Eventyrskogen i Bønardalen, forbi Dalane byggefelt i Årdal. Skogsturen er omlag 1,5 km og passar godt for barn i alle aldre.

Sjekk også ut

Eventyrskogen

Foto: Eldfinn Austigard