Hylsfjorden Skattkammeret Suldal foto Jarle Lunde Suldal foto

Cruise til Hylsfjorden

Foto over og dei to under: Skattkammeret Suldal © Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Onsdagar

Avgang frå Judaberg, Sør Bokn, Byre, Grønvik, Hjelmeland, Nesvik, Jelsa, Foldøy, Hebnes, Ropeid og Sand.

Om turen

Hylsfjorden ligg heilt nord i Ryfylke, i ein fjordarm av Sandsfjorden. Den er ein av dei mest spektakulære fjordane i regionen, der den skjærer gjennom høge fjell og idylliske bygder. I dag er fjorden kanskje blant dei mest bortgjemte skattane i Ryfylke, men fjorden har ei rik historie som ein av dei viktigaste handelsrutene mellom øst og vest på 1800-talet.

Me har lokale guider med på turen.

På veg tilbake stoppar me innom den sjarmerande strandstaden Sand. Blant kvite trehus, torgsal og gode opplevingar tett på fjorden. Her er lokale nisjebutikkar, kaféar og uteservering ved fjorden. Det er også muleg å bli med på ei bygdevandring gjennom sentrum.

Bestill billett til turen.

Informasjon om avgangstider og prisar.

Hylsfjorden

Strandstaden Sand

Foto under: © Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland

Slideshow Items