Hjelmeland Røde Kors 8

Frå Bjødnabu. Foto: Hjelmeland Røde Kors

Bjødnabu

Bjødnabu er eit flott og populært turområde som ligg omlag 450 m.o.h. Lysløypeanlegget, som er opparbeida av Hjelmeland Idrettslag og Hjelmeland kommune, er treningsanlegg for skigruppa i idrettslaget i tillegg til at det er eit populært skianlegg for barnefamiliar og alle som liker å ta seg ein skitur.

Hjelmeland Røde Kors har også kjørt opp skiløyper frå Bjødnabu og inn over heia til Kaldavatn, Såteheia og Brendeknuten. Dette er eit flott skiterreng som gir deg både motbakkar og fine nedkjøringar, og no er det flotte forhold for skiturar i heia!

Finn fram

Frå Hjelmeland følg du skilting inn mot Vormedalen. Like før tunnelen svingar du av til høgre der det er skilta til Bjødnabu. Følg Husstølvegen fram til P-plass ved Bjødnabu skianlegg.

Sjå kart over lysløypa på Bjødnabu

Sjå kart over skiløypa frå Bjødnabu til Kaldavatn, Såteheia og Brendeknuten

Facebook | Hjelmeland Røde Kors

Slideshow Items