Badestrender

Badetemperatur

På badetassen.no kan du halde deg oppdatert på badetemperaturane på nokre av badeplassane i Hjelmeland.

Sjekk badetemperaturen i dag!

Fister badestrand

Fister badestrand

Badestranda ligg sentralt til i Fister sentrum. Her er det sandstrand og langgrunt. Perfekt for barnefamiliar - og her er nettopp opna ein flunkande ny leikeplass. Aboslutt verdt eit besøk.

Kjelavika badestrand

Kjelavika badestrand

Badestranda finn du på vegen inn mot Mosnes/Grønvik. Sjå etter eit skilt på høgre sida av vegen ca. 1,5km etter du har tatt av ved butikken på Fister. Sandstrand med plen i bakkant. Ta med grillmat og varm maten på grillen som står tilgjengeleg. Det er også toalett tilgjengeleg.

Sandnes / Hetlandsvatnet

Ta ein dukkert i ferksvatnet Hetlandsvatnet på Fister. Her finn du bord, sandstrand og badeflåte. Det er også toalett som kan nyttast.

Sande badestrand

Sande badestrand

Badestranda finn du rett ved fergekaien på Hjelmeland. Her er det sandstrand, border og stor plen til å spille fotball eller ta ein runde badmington på.

Breilandsvatnet

Breilandsvatnet

Populært vatn å bade i, som du finn på vegen inn mot Vormedalen. Her er fleire bademoglegheiter, men den mest populære er ved sandstranda der du tek inn mot Vigane. Det er også ei flott strand innerst i vegen mot Vigane.

Riskedalsvatnet

Riskedalsvatnet

Her er det ei flott sandstrand, stor parkeringsplass og toalett. Stranda finn du nedanfor fotballbanen i Årdal, rett bak barnehagen. Du kan også ta ein svømmetur ut til flytebrygga og hoppe uti!

Jøsneset / Nesvik

Badeplassen finn du rett ved kaien på Nesvik. Flott sandstrand med nydeleg utsikt i solbygda Jøsneset!

Skiftunstranda

Badestranda ligg fint til ved kaien på Skiftun, Jøsneset. Delar av stranda er sandstrand, resten er det litt småstein du må over før du kjem ut til sanden. Stranda passar bra for barnefamiliar.

Østerhusvika

Badestrand Osterhusvika Josenfjorden

Badestranda finn du i Jøsenfjorden, rett ved Østerhus Fjordferie og Coop Marked Vadla. Langgrunn sandstrand.

Haugevika

Flott badeplass i Jøsenfjorden. Ta vegen inn mot Hauga og ta første veg til høgre etter brua. Følg vegen til endes. Her er toalett, båtplassar og moglegheit for å hoppe i sjøen. Ta med volleyballen og slå nokre rundar!

Ulla

Ulla Langemo Josenfjorden

Ta ein dukkert i Ulla/Langemo! Herleg badeplass i elva Ulla med fleire rasteplassar. Når du køyrer mot Gullingen frå Jøsenfjorden tek du av mot Longemo, over brua. Parker langs vegen.