Målet er at Hjelmeland skal opplevast å vera ein god stad å driva næring.
Kommunen arbeidar for å vera ein næringsvennleg kommune, og skal leggje til rette for utvikling og vekst, å trygga eksisterande arbeidsplassar og for at det kan skapast nye.
Det er ei eit variert og godt næringsliv i Hjelmeland, med høg kompetanse innafor fleire fagfelt. Saman med eksisterande apparat i kommunen, fylkeskommunen, Ryfylke IKS med fleire, skal me bidra til god kommunikasjon med næringslivet og kunna visa vidare til rett hjelp når det trengs.
Dei største næringane i Hjelmeland er havbruk og landbruk. Handels- og servicenæringar, bygg- og anlegg, bergverk og reiseliv er også viktige næringsgreiner.