Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00
Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03
Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05
Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07
Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Tveitane Gard - Fisterbær søker jordbærplukkarar


Er du over 16 år og kunne tenka deg å plukka jordbær i sommar ?

Tveitane Gard - Fisterbær håpar at mange flotte ungdommar har lyst til å plukka jordbær hjå dei i sommar.

Arbeidsstad: Tveitane Gard - Fisterbær ligg i Hetlandsbygda, Fister.

Meir om stillinga og Tveitane Gard - Fisterbær finn du på FB


  • Hjelmeland kommune/Hjelmeland Naturlegvis! har gleda av å invitera all ungdom i Hjelmeland til romjulsarrangement!

    Tidspunkt: Onsdag 28. desember kl 17 – 19:30

    Stad: Hjelmeland Samfunnshus

    Det er mange ulike og interessante jobbar i Hjelmeland, men kor lett er det for deg som er ung å få oversikt over kva for jobbar som finnast? Eller å kome i kontakt med moglege framtidige arbeidsgivarar?

    Arrangementet er meint å hjelpe ungdommane med å bygge nettverk og samstundes få ei oversikt over kva for sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive faste jobbar dei finn i Hjelmeland.

    Me håper at mange ungdommar lar seg freiste av eit arrangement kor dei kan treffe både lokalt næringsliv og kvarandre.

    Meir informasjon om arrangementet kjem etter kvart, men me oppmodar ungdommen til å setta av tidspunktet allereie no.

    Romjulstreff der ungdommen møter næringslivet!