Turistvert
Drøymer du om ein sommarjobb som byr på spanande utfordringar? Hjelmeland kommune søkjer etter turistvert.
Som turistvert er du den første besøkjande treffer, det er difor viktig å ha eit smil på lur og vere imøtekommande.
Du bør og ha kjennskap til kommunen, og kva han kan tilby besøkjande.
Full stilling i perioden medio juni til medio august, noko arbeid vert på laurdagar.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune