Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00
Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03
Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05
Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07
Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Hjelmeland skule treng deg!

I Hjelmeland kommune er det tre skular: Fister skule (1.-7.), Årdal skule (1.-7.) og Hjelmeland skule (1.-10.). Her er det til saman omlag 40 lærarar som kvar dag arbeidar for å gi omlag 350 elevar god basiskompetanse for framtida.
Skulane i Hjelmeland ønskjer tydelege, engasjerte og motiverte lærarar som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane. Til neste skuleår treng me fleire dyktige lærarar med på laget!

Frå 1. august er det ledig eit årsvikariat på ungdomsskulen på Hjelmeland med moglegheit for fast tilsetjing.
Andre undervisningsstillingar kan bli aktuelle.

Kvalifikasjonar
Me søkjer etter lærarar som er formelt kvalifiserte for undervisning i grunnskulen.
Til hausten 2021 treng ungdomsskulen lærar med formell kompetanse innan:
- Matematikk
- Naturfag

Det er ein fordel med erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi.
Det er og ynskjeleg at søkaren kan ta på seg kontaktlæraransvar.

I tilfelle det vert ledige andre undervisningsstillingar så er det ynskjeleg med fagkompetanse innan:
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Musikk
- Kunst og handverk
- Spesialpedagogikk

Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- Du har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- Du er ein tydeleg klasseleiar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Du er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- Du er løysingsorientert og fleksibel
- Du kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap

Me kan tilby
- Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Rettleiing av nyutdanna
- Kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordning
- God seniorpolitikk
- Bedriftskunstforeining
- Eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod

Rekrutteringstiltak i Hjelmeland kommune:
- Redusert husleige
- Etableringspakke
- Stipendordningar

For meir informasjon om dette, sjå kommunen si heimeside.

Vilkår ved tilsetjing
I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf. opplæringslova §10-5. Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.
Tilsetjing skjer på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtala.
Pensjonsordning i Statens pensjonskasse med 2% av bruttoløn som eigendel.

Anna
Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk.

Andre krav
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaming av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga på tlf. 51 75 70 00.

  • Hjelmeland kommune/Hjelmeland Naturlegvis! har gleda av å invitera all ungdom i Hjelmeland til romjulsarrangement!

    Tidspunkt: Onsdag 28. desember kl 17 – 19:30

    Stad: Hjelmeland Samfunnshus

    Det er mange ulike og interessante jobbar i Hjelmeland, men kor lett er det for deg som er ung å få oversikt over kva for jobbar som finnast? Eller å kome i kontakt med moglege framtidige arbeidsgivarar?

    Arrangementet er meint å hjelpe ungdommane med å bygge nettverk og samstundes få ei oversikt over kva for sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive faste jobbar dei finn i Hjelmeland.

    Me håper at mange ungdommar lar seg freiste av eit arrangement kor dei kan treffe både lokalt næringsliv og kvarandre.

    Meir informasjon om arrangementet kjem etter kvart, men me oppmodar ungdommen til å setta av tidspunktet allereie no.

    Romjulstreff der ungdommen møter næringslivet!