Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00

Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03

Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05

Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07

Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Helsefagarbeidar 100% fast stilling og helsestilling 18 % fast

Er du helsefagarbeidar og ute etter nye utfordringar?

Hjelmeland kommune har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Årdal omsorgssenter. Stillinga inngår i turnus med helgearbeid. Oppstart er snarast.

Er du student, helsefagarbeidar eller har lyst til å prøve eit nytt yrke?

Årdal omsorgssenter har ledig fast helgestilling i todelt turnus. 18 % med langvakter i gjennomsnitt kvar tredje helg.

Om arbeidsstaden

Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret er inndelt i to avdelingar. Ei dementavdeling med 8 langtidsplassar, og ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar.

Arbeidsstad: Hjelmeland kommune

Meir om stillinga og søknadsprosessen

Les meir om Hjelmeland kommune