Galleri bilder

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Avløyser (Bjelland gard)


Bjelland gard er på jakt etter avløyser.

Bjelland Gard ligg i Hetlandsbygda (Fister) og driv med mjølkeproduksjon i eldre båsfjøs. No er dei på jakt etter avløysar og er du 16 år eller eldre er dette kanskje noko for deg?

Hovudsakleg vil oppgåvene væra mjølking og stell morgon og kveld, i tillegg til annan eller tredje kvar helg og i feriar.

Opplæring vil bli gitt og du får arbeidsavtale og gode forsikringar gjennom avløysarlag.

Opplæring vil bli gitt. Du treng ingen spesielle kvalifikasjonar men du må ikkje vera redd dyr og du må kunne jobba aleina.


Søknadsfrist: SNARAST

Arbeidsstad: Bjelland gard, Fistervegen 192, 4139 Fister

Kontakt: Linda Meltveit - 906 52 722


  • Helgøy blir landfast!

    Tidspunkt: 18. og 19. juni

    Stad: Helgøy

    I samband med opninga av Helgøy bru blir det invitert til Helgøyfest!

    Helgøy-folket har lyst å laga ei festhelg med noko for alle, og på Helgøy-vis.

    Velkomen til ei storstilt, høgtidleg og jordnær bruopning 18. juni.

    Og hjarteleg velkomen til folkefest på Helgøy både 18. og 19. juni, som skal vera prega av gjestfridom, humor, god stemning og mange glade ansikt.


    Les meir om Helgøyfest her.

    Helgøyfest!
  • Velkommen til ein fest for naturen og det den har å gje oss av fantastiske produkt og opplevingar!

    Tidspunkt: 25. og 26. juni

    Stad: Hjelmelandsvågen

    Det blir aktivitetar for små og store knytt til hausting frå fjord, hei, utmark og hage.

    Festivalen har fokus på naturbaserte produkt, opplevingar og lokal kulturhistorie.

    Ein midtsommarfest for heile familien!


    Les meir om Sankefestivalen her.

    Sankefestivalen 2022!
  • Tidspunkt: 29. juni - 2. juli

    Stad: Strandkaien/Vågen, Stavanger sentrum

    Me slår på stortromma og har bestilt plass, både telt og utandørsområde, langs Strandkaien/Vågen i Stavanger. Dette blir ein flott møteplass for alle som ønskjer både å smaka og å handla Hjelmelandsprodukter, møta lokale produsentar frå Hjelmeland og som ønskjer å bli betre kjent med alt det flotte Hjelmeland har å by på!

    Velkommen til Noregs største matfestival!

    Gladmatfestivalen 2022!