Galleri bilder

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Aktivitør 100% vikariat - 2. gangs utlysning


Vil du bidra til auka aktivitet og trivsel for bebuarane ved Årdal omsorgssenter?

Årdal omsorgssenter har ledig 100% vikariat som aktivitør med tiltreding frå 13. desember 2021 til 31. desember 2022. Arbeidstida er hovudsakleg på dagtid, men med unnatak ved arrangementer.

Som aktivitør skal du vere med å auka trivsel og aktivitet hjå bebuarane slik at dei opplev kvardagsmeistring.

Arbeidsstad: Årdal omsorgssenter

Meir om stillinga og søknadsprosessen

Les meir om Hjelmeland kommune

  • Helgøy blir landfast!

    Tidspunkt: 18. og 19. juni

    Stad: Helgøy

    I samband med opninga av Helgøy bru blir det invitert til Helgøyfest!

    Helgøy-folket har lyst å laga ei festhelg med noko for alle, og på Helgøy-vis.

    Velkomen til ei storstilt, høgtidleg og jordnær bruopning 18. juni.

    Og hjarteleg velkomen til folkefest på Helgøy både 18. og 19. juni, som skal vera prega av gjestfridom, humor, god stemning og mange glade ansikt.


    Les meir om Helgøyfest her.

    Helgøyfest!
  • Velkommen til ein fest for naturen og det den har å gje oss av fantastiske produkt og opplevingar!

    Tidspunkt: 25. og 26. juni

    Stad: Hjelmelandsvågen

    Det blir aktivitetar for små og store knytt til hausting frå fjord, hei, utmark og hage.

    Festivalen har fokus på naturbaserte produkt, opplevingar og lokal kulturhistorie.

    Ein midtsommarfest for heile familien!


    Les meir om Sankefestivalen her.

    Sankefestivalen 2022!
  • Tidspunkt: 29. juni - 2. juli

    Stad: Strandkaien/Vågen, Stavanger sentrum

    Me slår på stortromma og har bestilt plass, både telt og utandørsområde, langs Strandkaien/Vågen i Stavanger. Dette blir ein flott møteplass for alle som ønskjer både å smaka og å handla Hjelmelandsprodukter, møta lokale produsentar frå Hjelmeland og som ønskjer å bli betre kjent med alt det flotte Hjelmeland har å by på!

    Velkommen til Noregs største matfestival!

    Gladmatfestivalen 2022!