Galleri bilder

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Ein god match - ungdommen møter næringslivet!

Tidspunkt: Tysdag 12. april kl 17 – 19:30

Stad: Hjelmeland Samfunnshus

Du kan lasta ned plakaten til arrangementet her.

Det er mange ulike og interessante jobbar i Hjelmeland, men kor lett er det for deg som er ung å få oversikt over kva for jobbar som finnast? Eller å kome i kontakt med moglege framtidige arbeidsgivarar? Arrangementet er meint å hjelpe ungdommane med å bygge nettverk og samstundes få ei oversikt over kva for sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive faste jobbar som finnast i Hjelmeland.

Program

  • Kva dei lokale bedriftane driv på med
  • Kva for kompetanse dei etterspør
  • Kva for arbeid dei kan tilby (sommarjobbar, lærlingplassar eller faste jobbar)

Me håper at mange ungdommar lar seg freiste av eit arrangement kor dei kan treffe både lokalt næringsliv og kvarandre.

Matservering

Det blir servering av pizza frå Pizzabakeren Hjelmeland.

  • Helgøy blir landfast!

    Tidspunkt: 18. og 19. juni

    Stad: Helgøy

    I samband med opninga av Helgøy bru blir det invitert til Helgøyfest!

    Helgøy-folket har lyst å laga ei festhelg med noko for alle, og på Helgøy-vis.

    Velkomen til ei storstilt, høgtidleg og jordnær bruopning 18. juni.

    Og hjarteleg velkomen til folkefest på Helgøy både 18. og 19. juni, som skal vera prega av gjestfridom, humor, god stemning og mange glade ansikt.


    Les meir om Helgøyfest her.

    Helgøyfest!
  • Velkommen til ein fest for naturen og det den har å gje oss av fantastiske produkt og opplevingar!

    Tidspunkt: 25. og 26. juni

    Stad: Hjelmelandsvågen

    Det blir aktivitetar for små og store knytt til hausting frå fjord, hei, utmark og hage.

    Festivalen har fokus på naturbaserte produkt, opplevingar og lokal kulturhistorie.

    Ein midtsommarfest for heile familien!


    Les meir om Sankefestivalen her.

    Sankefestivalen 2022!
  • Tidspunkt: 29. juni - 2. juli

    Stad: Strandkaien/Vågen, Stavanger sentrum

    Me slår på stortromma og har bestilt plass, både telt og utandørsområde, langs Strandkaien/Vågen i Stavanger. Dette blir ein flott møteplass for alle som ønskjer både å smaka og å handla Hjelmelandsprodukter, møta lokale produsentar frå Hjelmeland og som ønskjer å bli betre kjent med alt det flotte Hjelmeland har å by på!

    Velkommen til Noregs største matfestival!

    Gladmatfestivalen 2022!