Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00

Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03

Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05

Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07

Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Sommarmarknad og sidertur til Apal Sider

Tidspunkt: 30. juli

Stad: Hjelmelandsvågen og Apal Sideri

Velkommen til sommarmarknad i Hjelmelandsvågen!

Det blir salsboder med lokale produkt, du kan besøkja sommarutstillinga "På spinnesida: Vevnad" i Spinneriet, det blir underhaldning og aktivitetar og du får ferietips frå turistverten!


I samband med sommarmarknaden blir det òg høve til å oppleva sideria i Hjelmeland!

Denne laurdagen går turen til Apal Sideri!

Avreise med båt eller buss frå Hjelmelandsvågen kl. 13.00.

Ei gruppe startar i den restaurerte skuta M/S Lyngøy. Her får du servert rømmegraut med spekemat og eplemost. Båten tek deg inn til Tytlandsvik i Jøsenfjorden.

Ei anna gruppe blir med Jøsneset transport i buss til Apal Sideri. Her blir det omvisning og moglegheit for å smake på produkta deira. Bussen går så vidare til Tytlandsvik, der de følg båten tilbake til Hjelmelandsvågen.

Dei som startar med båt, går over i buss og får same omvisning hos Apal Sideri på veg tilbake til Hjelmelandsvågen.

Billett:

Pris kr 700,- pr. person. Prisen inkluderer transport, mat og smaksprøvar.

Billett kan du bestille hos turistverten på tlf. 404 39 157. Du kan også sende ein e-post til turistvert@hjelmeland.kommune.no eller koma innom i opningstida måndag til fredag kl. 10 - 15.30.

Det er plass til totalt 24 deltakarar - 12 med båten og 12 med bussen.


Påmeldingsfrist: Fredag 29. juli kl 14.


Hjarteleg velkommen til sidertur og sommarmarknad!

  • Velkommen til ein fest for naturen og det den har å gje oss av fantastiske produkt og opplevingar!

    Tidspunkt: 17. og 18. juni

    Stad: Hjelmelandsvågen

    Det blir aktivitetar for små og store knytt til hausting frå fjord, hei, utmark og hage.

    Festivalen har fokus på naturbaserte produkt, opplevingar og lokal kulturhistorie.

    Ein sommarfest for heile familien!

    Les meir om Sankefestivalen.

    Sankefestivalen
  • Det er på Hjelmeland det skjer i sommar!

    Vamp spelar i Hjelmelandsvågen laurdag 22. juli.

    Kjøp billett - det er mogleg å kjøpe billett inkludert transport både med buss eller båt!

    Dette blir kjekt - me gler oss!

    Les meir om Vamp i Vågen.

    Vamp i Vågen