Galleri bilder

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

Les meir

Opning av taubane til Åse (Årdal)

Tidspunkt: 17. juni kl 17 - 19

Stad: Nes

I 30 år var taubanen livsnerven som knytte fjellgarden Åse i Årdal til omverda. Så fekk Åse veg, og taubanen blei gløymd i 30 år. Nå er han restaurert, og du kan bli med på re-opninga og sjå taubanen i aksjon!

Publikum møter på Nes i Årdal fredag 17. juni klokka 17.00.

Bagasje blir sendt til Åse med taubanen.
Publikum må gå opp bakkane slik folk på Åse gjorde før dei fekk veg.

På Åse er det geiter på bøen, fyr i grillen, servering av pølser og storslegen utsikt til Årdal og vakre Ryganfossen.

Magne Leirflåt og nevøen Trond Leirflåt fortel om livet på fjellgarden, om taubanen og om restaureringa.

  • Tidspunkt: 20. august

    Stad: Festplassen (idrettsbanen ved skulen), Fister

    Fisterdagen er ein familidag som i år arrangeres for fjerde gong. Det er Fister Bygdaråd som eig Fisterdagen og som saman med gode lokale bedrifter/sponsorar gjer dette arrangementet mogleg år etter år.

    Hjarteleg velkomen til Fisterdagen!

    Les meir om Fisterdagen.

    Fisterdagen!
  • Tidspunkt: Laurdag 15. oktober kl 10 – 12:30

    Stad: Jøsneset Grendahus

    Me kjem tilbake med invitasjon og påmeldingsinformasjon på ettersommaren.

    Me ønskjer dykk ein flott sommar!


    Hyttefrukost!