Sie 05

Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.

av Morten Hetland

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå, pendla 99 hjelmelandsbuar til jobb i Strand kommune i 2020, medan 182 strandbuar pendla til jobb i Hjelmeland kommune.

Årdal er den bygda i Hjelmeland kommune som ligg nærast Strand, noko som gjer det svært enkelt å pendla mellom Strand og Årdal. Då Ruth-Iren Krogevoll Sie starta i ny jobb på Tau hausten 2021, blei reisetida berre fem minutt lenger enn til den gamle jobben ved Hjelmeland skule.

– Det tar litt lenger tid å kjøra til jobb nå, men det går heilt fint å pendla ut av kommunen òg, fortel Ruth-Iren, som underviser i norsk, samfunnsfag og geografi på fire av utdanningsprogramma ved Strand vidaregåande skule.

– FORSTOD AT EG SKULLE FLYTTA TIL ÅRDAL

Mannen hennar, Anders Sie, jobbar med økonomi og eigedomsutvikling i Hjelmeland Bygg, som har felles kantine med Partner Regnskap og Årdal Landbruk i næringsbygget Skuden i Årdalstunet.

– Eg et stort sett lunsj saman med strandbuar, smiler Anders, som eigentleg er utdanna revisor. Nå har han mellom anna ansvar for utviklinga av eigedomsprosjektet Årdal Brygge, der det er planlagt 16 nye bustader, fordelt på einebustader og samanhengjande småhus.

FJORDUTSIKT
FJORDUTSIKT: – Dei planlagde bustadene ved Årdal Brygge har kort veg og god utsikt til Årdalsfjorden. Her er det òg planlagt ei ny småbåthamn med tilhøyrande naust og buer, forklarer Anders Sie i Hjelmeland Bygg. Den nye delen av bustadfeltet startar ved det kvite huset midt i biletet, og strekk seg til tomta der Coop-butikken i Årdal stod tidlegare. (Foto: Morten Hetland)

I tillegg til deltidsjobben i Hjelmeland Bygg, er Anders medeigar i Melkesyra Treningssenter og bonde på heimegarden Sedberg. Anders og Ruth-Iren busette seg i Årdal for 12 år sidan, og to år seinare flytta dei inn i nytt hus og overtok gardsdrifta. Nå driv dei slaktegrisproduksjon, med ein årsproduksjon på ca. 1.800 slaktegrisar, samt rett i underkant av 100 vinterfôra sauer. På garden har dei ca. 400 mål med dyrka mark, der den eine halvparten produserer korn og den andre halvparten produserer gras.

– Det første eg forstod då eg blei saman med Anders, var at eg skulle flytta til Årdal og ta over denne garden, ertar Ruth-Iren, som sjølv er oppvaksen på Fiskå i Strand kommune.

GØY PÅ LANDET
GØY PÅ LANDET: Ruth-Iren skjønte raskt at ho kom til å bli årdalsbu viss ho gifta seg med Anders. Årdalsbu blei ho, og dei tre barna deira – Emma (7), Ola (10) og Ida (12) – har fått ein trygg og god oppvekst på landet. (Foto: Morten Hetland)

Ekteparet budde først saman i ei lita leilegheit i Stavanger, men begge to hadde lyst til å etablera seg på landsbygda.

– Begge var oppvaksne med bygdelivet, og me ville gje barna våre ein god oppvekst på landet, så då Ida blei fødd, flytta me heim til Årdal, forklarer Anders.

– Mange av barndomsvennene til Anders flytta òg heim og overtok gardar i området i løpet av tre års tid, så det var ikkje noko som heldt oss igjen i Stavanger. I tillegg var eg ferdig med lærarutdanninga mi, og måtte velja om eg ville begynna å jobba som lærar i Stavanger eller i Hjelmeland, legg Ruth-Iren til.

Nå har eldstejenta blitt 12 år gammal, og til hausten begynner ho i 8. klasse ved Hjelmeland skule. Då er det berre litlebror Ola (10) og litlesøster Emma (7) som kan gå eller sykla til skulen i Årdal, medan Ida skal reisa med buss til og frå ungdomsskulen.

– TIDA STREKK IKKJE TIL

Men ungane er ikkje så interesserte i å snakka om skulen. Dei vil heller snakka om kva dei gjer i fritida si.

YNGST OG ELDST: Emma og Ida er yngst og eldst i søskenflokken. Heime i hagen på Sedberg er det flust med boltreplass for både store og små ungar. (Foto: Morten Hetland)
CAMPINGPLASS
CAMPINGPLASS: På haugen opp frå huset deira, har Ola og søstrene funne ein passande teltplass med utsikt ut mot Årdalsfjorden. Der har dei òg snikra saman ei primitiv campinghytte. (Foto: Morten Hetland)

– Eg vil begynna, seier yngstejenta Emma bestemt, før ho ramsar opp:

– På onsdagane går eg på ponny-klubb på Håbakken Gård, der eg får stella med ponnyen Harry. Av og til får eg ri òg. Og så pussar eg grima, fortel Emma, før ho tek ein tenkepause.

– Viss me hadde budd i byen, så hadde eg sikkert gått på rideskule, konkluderer ho.

– Ponny-klubben er vel nesten som ein rideskule, så då har me det same som dei har i byen, parerer Anders, som er Årdal-patriot, men det kjem me tilbake til seinare. Emma er ikkje ferdig med oppramsinga si.

– Så spelar eg fotball på MIX7-laget til Hjelmeland Idrettslag, og då reiser me til Hjelmeland for å trena. Og om vinteren går eg på handball. Sånn. Nå er eg ferdig, seier Emma, og smiler.

– Det står ikkje på fritidstilboda her inne. Me har nesten alt, så tida strekk ikkje til. Problemet blir å velja kva ein skal gå på, forklarer Ruth-Iren.

Kanskje den travle kvardagen er årsaka til at Ruth-Iren set foten ned for å få ein hest til gards?

– Ruth-Iren hadde tre krav då me flytta heim til Årdal: Bil, båt og hest. Nå har ho både bil og båt, men når ungane ber om å få hest, seier mora nei, ertar Anders.

TURNAR
TURNAR: Ola trenar saman med Tau Turn, og viser gjerne fram nokre av triksa sine på trampolinen. (Foto: Morten Hetland)

Turen går vidare til broren i søskenflokken.

– Eg trenar med Tau Turn på tysdagar og onsdagar, og på torsdagane har eg fotballtrening med Hjelmeland Idrettslag. På måndagane spelar me ofte fotballkampar, og éin fredag i månaden går eg på Kodeklubben. Og så spelar eg gitar i kulturskulen rett etter skuletid éin dag i veka, fortel Ola.

Storesøster Ida er òg elev i kulturskulen. Ho har spelt piano sidan 2. klasse, og tre gonger har ho deltatt i UKM med pianospeling og song.

– Eg går òg på dans i kulturskulen, og er med i Yngres og 4H i Årdal. I tillegg spelar eg fotball og handball i Hjelmeland Idrettslag, seier Ida.

VENTAR PÅ KUNSTGRAS
VENTAR PÅ KUNSTGRAS: Ida og Anders gler seg til det blir lagt kunstgras på grusbanen ved Årdal skule og Årdal barnehage. Hjelmeland kommune har løyvd ca. 1,6 millionar kroner til oppgradering av fotballbanen i Årdal i 2022. (Foto: Morten Hetland)

– Når me har fått på plass kunstgrasbane i Årdal, håpar eg at noko av aktiviteten til Hjelmeland Idrettslag òg kan vera i Årdal, slik at me slepp å kjøra til Hjelmeland kvar gong det er trening, fortel Anders, som òg er kasserar og hjelpetrenar i Hjelmeland Idrettslag.

Ruth-Iren og Anders vedgår at det blir ein del kjøring til og frå alle fritidsaktivitetane, men dei set òg pris på at friluftslivet er veldig lett tilgjengeleg når ein først har fri eller ei ledig stund.

– Når eg har fri, tar eg meg helst ein sykkeltur, gjerne med Ryfylke Sykkelklubb, fortel Anders.

– Anders har sykkelen, medan eg føretrekk ski- eller fjellturar, legg Ruth-Iren til.

GRØNT ER SKJØNT
GRØNT ER SKJØNT: Anders koplar gjerne av med ein sykkeltur, kledd i Ryfylke Sykkelklubb sin knallgrøne sykkeldrakt. Her er han på sykkeltur ved Tysdalsstranda, saman med Ruth-Iren, Ola og Ida. (Foto: Anders Sie)

– Det er fantastisk at me bur midt mellom fjell og fjord. Eg har vakse opp med å vera på sjøen om somrane, men her i Årdal er det i tillegg veldig enkelt å koma seg opp i heia både om sommaren og vinteren. Kveldsturane tar eg gjerne til Tofjellet, Skoarbønipen, Ingvaldstadfjellet, Middagsåsen eller Steinsvikfjellet, og om vinteren er me på skiturar i Bønardalen og Lyngsheia. I tillegg har me ei lita hytte på Måheia som familien bruker til sundagsturar, forklarer Ruth-Iren.

Familien Sie har òg ei større hytte i Fjellbergsskardet Hyttegrend, eit moderne hyttefelt i Suldal kommune, som har blitt utvikla av Hjelmeland Bygg.

– BU I RYFYLKE

Men Hjelmeland Bygg er ikkje berre opptatt av at folk skal bygga seg hytter i Ryfylke. Ruth-Iren hjelper nemleg til med å drifta Instagram-profilen buiryfylke, som har som mål å visa at det går an å bu i Ryfylke.

– Det er mange ledige tomter i Hjelmeland. I Melslia er det billige kommunale tomter med flott utsikt utover Årdalsfjorden, og for dei som vil ha nydeleg utsikt over Årdal, er det fleire ledige tomter i Dalane. I tillegg startar me snart salet på Årdal Brygge, heilt nede i sjøkanten ved Årdalsfjorden, fortel Anders, som sannsynlegvis kunne gjort ein god jobb som eigedomsmeklar.

LOKALHANDEL
LOKALHANDEL: Anders er opptatt av å handla lokalt. Denne nye gassgrillen har han kjøpt på BondeKompaniet Årdal, og i dag passar det godt å skru saman dei siste delane, før familien skal grilla lokalprodusert grillribbe. (Foto: Morten Hetland)

Som tidlegare nemnt er Anders ein Årdal-patriot; sjølvsagt av den omgjengelege sorten. I staden for å reisa til Jørpeland for å spela golf, besøker han Golfslaget sin golfsimulator i Meieribygget. I staden for å kjøpa seg gassgrill på nettet, sjekkar han utvalet på BondeKompaniet Årdal.

– Det du ikkje får tak i i Årdal, det har du ikkje bruk for, slår Anders fast.

Likevel måtte Anders til Strand for å finna seg kjærast; nærare bestemt til Tau-ferja. Dei møttest på ferja nesten kvar sundag, då Anders var på veg til førstegangstenesta og Ruth-Iren pendla til Lundehaugen vidaregåande skule.

– Me blei kjærastar då eg reiste i utanlandsteneste i militæret i eitt år, og då eg kom heim, reiste ho til Zanzibar, ler Anders.

Trass i ein dårleg planlagt start på forholdet, enda Anders og Ruth-Iren opp som travle trebarnsforeldre i Årdal.

– Me veit av erfaring at det går an å leva på bygda, med alle fordelane som finst her, samtidig som det berre er 45 minutt til byen. Med meir fleksitid og heimekontor, har det òg blitt enklare å pendla til og frå Årdal, slik fleire i vennekrinsen vår gjer. Den største fordelen er likevel å ha naturen rett utanfor huset; anten me vil ta ein topptur medan ungane er på trening, sveitta litt på sykkelsetet, eller ta ein spontan skitur på Bjødnabu. Det er dette som gjer det mogleg å ta dei små pausane frå kvardagen, konkluderer Ruth-Iren og Anders.

PUSTEROM
PUSTEROM: Ruth-Iren og Anders set pris på å kunna ta små pausar i kvardagen, gjerne på ein fjelltopp i Årdal. (Foto: Anders Sie)

Andre artiklar

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Les meir

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

Les meir

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

Les meir

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

Les meir

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.

Les meir

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir