Altamirano 00

Foto: Morten Hetland

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

av Morten Hetland

Sola skin på den sørvest-vende hagen til familien Altamirano, like ovanfor ferjekaien i Nesvik. Strålene varmar ikkje så mykje, men nok til at bikuben har vakna til liv.

– Sjå! Biene er ute, utbryt Malena Altamirano (23) med smittande engasjement. Malena er det eldste barnet til Elsa Nesvik Altamirano (54) og José Luis Altamirano Rosso (61), og denne helga besøker ho foreldra sine og brørne Sebastian (20) og Andreas (17) heime i Nesvik.

Som så mange andre hjelmelandsbuar flytta Malena heimanfrå for å studera då ho var 16 år gammal. Men sjølv om mange hjelmelandsbuar aldri kjem tilbake etter fullført utdanning, har Malena allereie begynt å planlegga heimkomsten.

– Eg vil driva med bier, produsera honning, laga ost, brygga sider, dyrka poteter og sukkererter, og tørka blomster, og då treng eg god plass rundt meg, ler Malena.

MANGE HOBBYAR
MANGE HOBBYAR: Malena har allereie begynt å planlegga heimkomsten til Hjelmeland, og treng mellom anna plass til ein eller fleire bikubar. (Foto: Morten Hetland)

Tankane om å flytta tilbake til Hjelmeland har modna i løpet av dei siste åra.

– Då eg blei permittert frå jobben under pandemien, reiste eg heim til Nesvik i staden for å sitja i leilegheita i Stavanger. Då fann eg på så mange prosjekt at det tok litt av. Eg går aldri tom for hobbyar, men eg har blitt lei av å leva i ein by. Som vernepleiar kan eg jobba kor eg vil, så då er det naturleg å førebu seg på å flytta tilbake til Hjelmeland, slår Malena fast.

Sjølv om Malena er skråsikker på kor ho vil busetja seg, var det mange tilfeldigheiter som måtte klaffa for at foreldra hennar skulle enda opp her. Me skrur tida tilbake til februar 1992.

SØT MUSIKK

I baren på Britannia Hotel Trondheim sit ein 32 år gammal pianoentertainer frå Argentina. Han er eigentleg utdanna bioingeniør frå Universidad Nacional de Córdoba, men for fire år sidan valde han å satsa på musikken. Gjennom nokre kjenningar av onkelen sin, fekk han sjansen til å prøva seg som pianoentertainer i Noreg, og Trondheim blei første stopp.

– Eg kunne ikkje engelsk, men eg kom til Trondheim med ei tjukk bok med songar, der uttalen på dei engelske orda var skrivne fonetisk, smiler José, som framleis jobbar som pianoentertainer.

Tilbake til Trondheim, februar 1992: Ein 25 år gammal biologi-student frå Jøsneset jobbar i garderoben på Britannia Hotel Trondheim. Ho høyrer fin pianomusikk, og vil ein snartur innom baren for å helsa på dei som jobba der. Det oppstår snart søt musikk mellom ho og pianisten.

– José spanderte ein kopp kaffi, og sidan det ikkje kom gjester denne kvelden, sat me to og snakka saman i mange timar. Det blei mange kafé-besøk i Trondheim dette året, fortel Elsa.

PIANOENTERTAINER
PIANOENTERTAINER: José jobbar som pianoentertainer, og spelar mellom anna konsertar på omsorgssentera i Hjelmeland. – Det kjekkaste med jobben som pianoentertainer er «magien» som oppstår av energien, spenninga, gleda og gjester som gjev merksemd og respons, forklarer José. (Foto: Morten Hetland)

Våren 1992 skulle José heim til Argentina ein tur, og då blei Elsa med på sitt første besøk til José sitt heimland.

– Elsa er som ei dronning heime i Argentina, skryt José.

– Ja, alle der elskar ho, legg Malena til.

Elsa blir blyg, og prøver å skifta tema.

– Me flytta saman i desember 1992, og i 1996 flytta me til Nærbø. Der jobba eg på ein barneskule, fram til Malena blei fødd i 1998. I 2000 flytta me heim til Nesvik, fortel Elsa vidare. Årstala kan ho på rams.

Eigentleg var planen at José og Elsa skulle overta landhandelen til foreldra hennar, men skjebnen ville det annleis.

– Dei nødvendige investeringane var for kostbare, så det blei ikkje løysande for ein småbarnsfamilie, forklarer Elsa.

– PUSTAR BETRE HER

Sidan dei allereie hadde begynt å slå røter i heimbygda hennar, var det lett å bli verande. Dei bygde hus, og ho fekk seg jobb i skulen og barnehagen på Jøsneset.

Etter kvart som åra gjekk, studerte Elsa både spansk, engelsk og praktisk-pedagogisk utdanning, og nå pendlar ho til jobben som spansk- og engelsk-lærar ved Hjelmeland ungdomsskule. Dei toppmoderne ferjene fraktar ho trygt og behageleg over Hjelmelandsfjorden, og det er kort veg frå ferjekaien til ytterdøra heime i Nesvik.

– For min del kunne me budd kor som helst, for eg må uansett reisa når eg skal på jobb, men dette er ein flott plass. Det er trygt her, det er null stress… og det er sunt, forklarer José.

– Eg kjenner òg at eg pustar betre etter at me flytta tilbake til Jøsneset. Det er noko som sit djupt inni meg: Me har ein fridom her, som me ikkje hadde hatt andre plassar, så det er ein verdi i seg sjølv å få lov til å bu her, legg Elsa til.

Elsa trekk spesielt fram alle turane og turmåla på Jøsneset, der både Jøsneset Helselag, Jøsneset Bygdaråd og andre frivillige har gjort ein viktig innsats for å merka turstiar og tilrettelegga turmål.

TURKAMERAT
TURKAMERAT: Selma (8 månader) er turkameraten til Elsa, og venn med alle i familien. (Foto: Morten Hetland)

I tillegg til turar i skog og mark, trivst Elsa godt i blandakoret Rygjaljom.

– Musikk er ein viktig og naturleg del av liva våre. Eg lærte meg noter og begynte å spela blokkfløyte då eg var sju år gammal, og eg har alltid likt å synga. I Rygjaljom får eg uttrykka meg musikalsk, og me er ein sosial og kjekk gjeng, fortel Elsa.

– Og så fekk me nettopp ny dirigent, smiler ho, og kikkar mot José.

I tillegg til jobben som pianoentertainer og booking-agent, har nemleg José takka ja til å overta som dirigent i Rygjaljom.

– Etter nokre få øvingar har eg fått eit veldig positivt inntrykk. Det einaste me saknar, er fleire menn i alle aldrar, seier José, som reknar med at hans periode som dirigent blir ein ny epoke for Rygjaljom.

– Me beveger oss vekk frå klassisk musikk, og går meir i retning av pop og rock. I tillegg har eg tenkt å spela piano til korsongen. Det har faktisk blitt ein trend rundt i heile Europa, at ein bruker musikkinstrument saman med koret, forklarer den nye dirigenten.

SPELANDE DIRIGENT
SPELANDE DIRIGENT: Blandakoret Rygjaljom har fått seg ein spelande dirigent, og José kombinerer gjerne direksjon med pianospeling under øvingane i Spinneriet. (Foto: Morten Hetland)

VIL LEVA AV MUSIKKEN

– Då eg blei spurd om å bli dirigent, dukka det opp mange gode minne frå tida som dirigent i Argentina. Eg blei fødd inn i ein familie som sette pris på kunst, kultur og musikk, men sjølv om eg fekk lov til å synga og spela piano, kravde familien at eg skulle få meg ei utdanning. I studietida var eg dirigent for studentkoret i tre år, samtidig som eg hadde ekstrajobb med eit ungdomskor i Córdoba, mimrar José, som takkar viljestyrken for at han greidde å kjempa seg opp og fram, og til slutt kunne leva av jobben som pianoentertainer.

Den eldste sonen i familien, Sebastian, kjenner seg godt igjen i faren si livsreise. Han vil gjerne leva av musikken, men prøver framleis å finna ut korleis han vil gjera det.

– Eg har endra retning så mange gonger at eg føler meg som ein nomade. Heldigvis har eg sjukt god tid på å bestemma meg, så eg tar livet slik som det kjem. Førebels kjenner eg ikkje på noko tidspress, så det gjer ikkje noko om eg studerer bachelor i historie. Sjølv om eg er usikker på kva eg skal med den bachelorgraden, seier Sebastian.

Krava om å ha ei sikker utdanning å «falla tilbake på», ser ut til å ha gått i arv i familien Altamirano.

– Ein ting er sikkert: Musikkmiljøet i Europa var heilt annleis då eg begynte på 1980-talet. Då kunne ein leva av musikken, og fekk til og med godt betalt. I dag er det stikk motsett: Ein får veldig dårleg betalt, og det er vanskeleg å leva av musikken, minnar José sonen sin om.

– Ja, men det går an å velja andre retningar, som for eksempel musikklærar eller komponist. Det er vel eigentleg komponering av filmmusikk som freistar mest akkurat nå, tenker Sebastian.

KOMPONIST
KOMPONIST: Sebastian har lyst til å leva av musikken, men er førebels usikker på korleis han vil gjera det. – Eg likar veldig godt å komponera, så kanskje eg skal satsa på å komponera filmmusikk, undrar Sebastian. (Foto: Morten Hetland)

Sebastian blei med i sitt første band då han møtte andre musikkinteresserte på Vågen vidaregåande skule i Sandnes. Sidan den gong har han alltid hatt eitt eller anna band-prosjekt å jobba med. Etter kvart begynte han å komponera sin eigen musikk, og om ein månads tid spelar han konsert med Beeboy & The Chugbugs hjå Bøker og Børst i Stavanger.

Hjelmeland kommune har bidratt økonomisk, slik at eg kunne gje ut EP-en «Yellow Moon» med Beeboy & The Chugbugs. Denne EP-en er det første eg har komponert frå start til slutt, og som berre er mitt uttrykk, fortel Sebastian, som òg har komponert musikk til Hjelmeland Teater sine framsyningar av «Scrooge: Eit juleeventyr» og «Mord over ein låg sko».

– Komponering er veldig krevjande og slitsamt, men eg får så mykje igjen for det, meiner den unge komponisten.

Litlebror Andreas går VG2 Medieproduksjon på Lundeneset vidaregåande skule, og har ingen planar om å leva av musikken. Likevel har han spelt trommer sidan han var sju år gammal, og han set pris på å kunna kopla av bak trommesettet.

– Eg vil ikkje seia at eg blei pressa, men eg blei vel sterkt oppfordra til å få meg eit instrument. Gitar ville eg ikkje begynna på, for det såg vanskeleg ut, men eg landa etter kvart på trommer. Dei første åra gjekk eg på kulturskulen, men då læraren sa opp og flytta vekk, begynte eg heller å spela trommer til musikken som eg høyrde på. Etter at eg blei eldre har eg òg spelt saman med pappa og Sebastian framfor publikum, mellom anna på Smashing Jøsneset. Eg har òg vore med i UKM, fortel Andreas.

BERRE FOR GØY
BERRE FOR GØY: – Sjølv om det er gøy med musikk, vil eg ikkje ha det som jobb. Eg kan gjerne kosa meg bak trommesettet ein halvtimes-times tid, når eg kan gjera akkurat kva eg vil, meiner Andreas. (Foto: Morten Hetland)

Medan dei andre i familien har valt sine instrument for lenge sidan, har Malena gått gjennom mange musikalske identitetskriser.

– Eg har testa blant anna song, gitar, tverrfløyte, piano, cello, ukulele, bass, munnspel og okarina, før eg til slutt landa på saksofon. Nå har eg både tid og energi til å få det til, og eg synest at saksofon er eit veldig kjekt instrument, slår Malena fast.

RØTER I FLEIRE KULTURAR

Alle ungane til Elsa og José har blitt interesserte i språk og musikk. Det er kanskje ikkje så rart, så lenge arv og miljø har prega oppveksten deira: Dei tre søskena Altamirano er stolte over å ha både argentinske, italienske og norske røter.

– Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar. Me har ikkje følt oss så veldig spesielle, men folk har vore interesserte i å høyra om familien i Argentina, fortel Malena, som sjølv har fått kommentarar om at ho bruker mykje kroppsspråk, og snakkar høgt på bussen, i butikken, på museum eller i andre situasjonar der folk gjerne er meir reserverte.

– Me er ein norsk familie med tydeleg preg av latinsk kultur og latinske skikkar, forklarer Sebastian.

– Eg har ikkje bevisst plukka eller valt ut noko frå kvar av kulturane, så identiteten min har berre kome naturleg. Eg kan ikkje seia at «dette er den norske delen av meg» og «dette er den argentinske delen av meg», påpeikar Andreas.

Då Elsa var gravid med Malena, grubla ho på korleis dette skulle gå, med spansk-talande far og norsk-talande mor som berre snakka saman på engelsk.

– Eg las at ungar kan læra tre språk før dei er sju år gamle, så eg fekk trua på at dette kunne gå bra likevel, ler Elsa.

– Pappa har snakka spansk med oss heilt sidan me var små, slik at me alltid har kunna kommunisera med familien i Argentina, legg Malena til.

José kjenner seg igjen i ungane sine erfaringar. Alle forfedrane på morssida var italienske, medan han sjølv vaks opp i Argentina med italienske høgtider og italiensk mat. Og som argentinsk, lærte han seg sjølvsagt spansk, noko han har lært vidare til sine eigne ungar.

– Ikkje nok med at det drar damer, men er det ein enorm fordel på skulen, når ein skal læra spansk som andre framandspråk, konkluderer Sebastian, før heile familien Altamirano bryt ut i latter.

FLEIRKULTURELLE
FLEIRKULTURELLE: Elsa frå Jøsneset gifta seg med José frå Argentina. Malena, Andreas og Sebastian har vokse opp med spansk-talande far og norsk-talande mor, samt norske, argentinske og italienske tradisjonar. Hunden Selma er minst like «fleirkulturell» som eigarane sine, og er ein blanding av collie, border collie, puddel og portugisisk vannhund. (Foto: Morten Hetland)

Andre artiklar

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Les meir

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

Les meir

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.

Les meir

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

Les meir

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.

Les meir

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir