Foto: Morten Hetland

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

av Morten Hetland

Hilde (37) er oppvaksen i Jøsenfjorden og Joar (39) i Hetlandsbygda. Dei møtte kvarandre då dei gjekk på ungdomsskulen på Hjelmeland, men det var først nokre år seinare dei blei eit par.

– Me blei kjende gjennom felles venner, og heilt sidan me blei eit par, har planen vore å overta Joar sin heimegard i Hetlandsbygda, fortel Hilde.

I februar 2008 flytta Hilde og Joar til Hetlandsbygda saman med den eldste sonen Jonah (14). Familien blei etter kvart utvida med litlesøster Frida (12) og litlebror Lyder (7).

I haust begynte eldstemann på ungdomsskulen på Hjelmeland, medan dei to yngste i familien går på Fister skule, om lag fem kilometer frå heimen.

TRIVST PÅ GARD
TRIVST PÅ GARD: Familien Hauge – som består av Joar, Hilde, Jonah, Frida og Lyder – synest det er kjekt å bu på gard. (Foto: Morten Hetland)

GØY PÅ LANDET

Medan ungane er på skulen, har Joar hovudansvaret for gardsdrifta.

– Eg ville bli heiltidsbonde, og har satsa på å utvikla garden. Same år som me overtok, bygde me nytt hønsehus til 7.500 høns, og i 2020 tok me i bruk eit nytt fjøs med 23 mjølkekyr, fortel Joar, som òg er ystemeister i Ryfylke Gardsysteri.

PØYG: Lageret til Ryfylke Gardsysteri er sprengfullt med ostehjul, nærare bestemt 1,3 tonn med Rabben Pøyg. (Foto: Morten Hetland)

Hilde er òg oppvaksen på gard, og trør gjerne til der det trengst, men aller best likar ho jobben som fotograf i Feien og Fjong Foto; hobbyen som ho gjorde til levebrød.

– Eg har vore interessert i foto heilt sidan eg gjekk på barneskulen, så det passa godt at eg vann eit kamera då eg var ti år gammal, forklarer Hilde, som i nyare tid har investert i profesjonelt fotoutstyr. Ho har òg sitt eige fotostudio i Meieribygget i Årdal, men ho likar aller best å fotografera utandørs.

– Ho har rundt 14.000 bilete på mobilen sin òg, avbryt Frida, som sjølv har vore motiv på mange av bileta, både med og utan brørne sine.

– Ungane våre har ikkje noko imot å bli fotograferte, så eg har fått mykje øving ved å ta bilete av dei, seier Hilde.

FOTOGEN: Hilde har teke enormt mange bilete av både dyr og eigne ungar, og Lyder poserer gjerne saman med geitekillingen Sondre. (Foto: Morten Hetland)

– Kva likar dokker med å bu på landsbygda?

– Det er bra å veksa opp på gard, meiner minstemann Lyder.

– Det kjekkaste er når kalvane er ute, svarer Frida spontant. Det er ingen tvil om at ungane og foreldra deler interessa for gardsarbeid.

– Eg synest det er kjekt når ungane er med i fjøset, og det er viktig at dei lærer om korleis alt heng saman, og korleis me nyttar naturressursane for å driva ein gard. Denne kunnskapen er diverre i ferd med å bli gløymt i samfunnet vårt, meiner Joar, og siktar til at over 80 prosent av den norske befolkninga bur i byar og tettstader.

BESØK FRÅ FISTER: Frida får ofte besøk av venninna Adine, som ikkje bur på gard. Adine og synest det er kjekt å vera med og læra om dyra, og ho blir gjerne med Frida i fjøset. (Foto: Morten Hetland)

– Det er kjekkare å bu på landet, for her er det fleire ting å gjera enn i byen. I byen bur mange tett på kvarandre – gjerne i leilegheiter og nesten utan hagar – men her er det betre plass mellom husa, seier Jonah, som er glad for at han kan spela fotball og hoppa på trampolinen ute i hagen.

Medan ungane svarer heilt konkret, har far og mor Hauge fått tid til å reflektera over kva verdiar dei set pris på med livet på landet.

– Her er me gjerne meir interesserte i å ta kontakt me kvarandre enn i byen. Me seier «hei» til dei me møter på butikken, og etter kvart har me blitt kjende med mange kjekke folk. Eg likar kjensla av å høyra til her, tenker Joar høgt, medan han kikkar mot kona si.

– Ja, eg set òg pris på samhaldet i bygda, nærleiken til andre folk og det sosiale ved å bu på ein liten plass. Det finst gjerne fleire tilbod i ein stor by, men her må me gjera ein innsats sjølv for å trivast. Det nyttar ikkje å isolera seg frå folk, slår Hilde fast.

SVINGAR SEG: Frida bruker gjerne innreiinga i kufjøset som turnstativ, men ho gler seg aller mest til å leika med kalvane ute på beitet seinare i år. (Foto: Morten Hetland)

TRAVEL KVARDAG

Familien Hauge har absolutt ikkje isolert seg. Kvardagen til fem blad Hauge er fylt med både gardsarbeid og fritidsaktivitetar, og dei legg ikkje skjul på at dei ofte har hamna i tidsklemma.

– Det er mykje å gjera i Hjelmeland, viss ein berre vil vera med, meiner Joar, som sjølv har vore aktiv i bygderådet, Hjelmeland Idrettslag, Hjelmeland Bondelag og Hjelmeland Teater.

Heile familien har vore innom i Hjelmeland Teater, men nå er Jonah den einaste aktive amatørskodespelaren i familien.

– Eg spelar fotball, gitar og teater, men det hender òg at eg berre heng saman med venner på Hjelmeland, fortel Jonah, som òg har spelt éi av dei større rollene i den lokale spelefilmen «Å velta ei ku», der både far, mor og litlesøster var med i kvar sine biroller.

– Men eg er regjerande hjelmelandsmeister i Humorbattle, seier Joar med eit glimt i auga, og legg til at han vann prisen som «Hjelmelands mest humoristiske bygd» for Hetlandsbygda med head-standup-nummeret sitt i 2018.

LØGNAS: Hjelmeland Samfunnshus. 24. november. 2018. Verdspremiere: Head-standup. Av og med Joar Hauge, for Hetlandsbygda. Ord blir fattige. (Foto: Erik Falkeid Asbjørnsen)

I tillegg til å vera den mest humoristiske i familien, har Joar tatt ansvar som trenar for fotballaget til Jonah, på det sjuande året.

– Me trenar to gonger i veka, så det blir travelt nok, men samtidig er det kjekt å kunna følgja opp Jonah ved å ha ein fritidsaktivitet saman med han, fortel Joar.

FOTBALLPAPPA: Joar er trenar for Jonah sitt fotball-lag på det sjuande året. – For meg har det vore ei prioritering å ha eigne fritidsaktivitetar saman med barna, seier Joar. (Foto: Morten Hetland)

Frida går på dans og piano i kulturskulen, men er nok mest opptatt av å spela fotball på Hjelmeland Idrettslag sitt J12-lag. Hilde er lagleiar for fotballaget til Frida, og sjølv trenar ho på Topp Treningssenter.

– Eg har òg vore med i Ryfest i 10 år, og på fritida er eg sosial med venner på Fister og barndomsvenner som er spreidde i byen og på Tau. Vennene mine spøker med at eg lir av FOMO – Fear of Missing Out – og det kan eg ikkje nekta for. Det er ei hektisk liding å ha, ler Hilde.

Sidan familien Hauge var vande med travle og hektiske kvardagar, passa det godt alle korona-restriksjonane blei innførte i den same perioden som familien var opptekne med å bygga nytt fjøs og starta ysteri.

YSTERIET PÅ RABBEN

I 2019 stod eit nytt fjøs klart på Rabben, eit lite stykke ovanfor bustadhuset til familien Hauge. Ryfylke Gardsysteri ligg i same bygning, og har gjeve gardsdrifta eitt ekstra bein å stå på.

NYTT FJØS: I 2019 stod det nye fjøset på Rabben klart til innflytting. I same bygning ligg Ryfylke Gardsysteri. (Foto: Hilde Hauge)

– Eg har alltid vore interessert i skikkeleg mat, og mjølk er eit veldig interessant produkt. Saman med egg, er vel mjølk éi av dei viktigaste matvarene me har, slår Joar fast.

Ystinga starta hausten 2020, og den første osten – Rabben Pøyg – kom i sal etter to månaders lagring. Nå er lagringstida auka til tre månader, og per i dag er lagerkapasiteten sprengt på 1,3 tonn av den smaksrike, halvfaste kvitosten.

– Rabben Pøyg er hovudproduktet vårt, men me lagar òg yoghurt og andre typar ost. For eksempel starta me produksjonen av Ryfylkeosten i sist veke. Ryfylkeosten er ein kremost som er modna på mjølkesopp i ti dagar. Konsistensen kan minna om chèvre, medan smaken kan minna om camembert, fortel Joar.

MEDHJELPAR: Hilde hjelper ivrig til med alt som må gjerast på garden. I dag fyller ho plastformene med den nye Ryfylkeosten. (Foto: Morten Hetland)

Ryfylke Gardsysteri har vore godt synlege – både i og utanfor Hjelmeland – det siste året, og dei får gode tilbakemeldingar på både ost og yoghurt. Ryfylkeyoghurt var nyleg finalist i kategorien «Årets meieriprodukt» i Det Norske Måltid 2021, og i haust fekk dei gjeve prisar i NM i ost:

– Under NM i ost fekk me gull for Rabben Pøyg og sølv for Ryfylkeyoghurt. Dette er nok større enn me er klare over sjølv, seier Joar audmjukt.

– Kven vil overta garden då?

Alle ungane rekker opp handa, og dei begynner å diskutera kven som bidrar mest på garden.

– Alle jobbar, men kva tid skal eg få lønn for å vera med i fjøset, far, spør Lyder bestemt.

– Du får jo lønn kvar dag: Kvar morgon får du frukost. Og i går fekk du middag òg, spøker Joar.
I Hetlandsbygda lærer barna at ein må jobba for å få maten på bordet.

LYDER OG LYDERHORN: – Alle dei svarte kyrne er mine, forklarer Lyder, medan han matar Lyderhorn med kraftfôr. (Foto: Morten Hetland)

Andre artiklar

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

Les meir

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

Les meir

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir