Helgesen 03

Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

av Morten Hetland

– Farfaren min kjøpte småbruket her i 1937. Etter kvart blei me for små til å driva med ordinært landbruk, og då var pelsdyroppdrett perfekt for oss, sidan det kravde lite areal, fortel Reidar Helgesen, som overtok heimegarden i 1992, saman med kona Sissel.

– Småbruket har opp gjennom åra hatt fleire bein å stå på. Her har det mellom anna vore oppdrett av laks og aure, samt eggproduksjon, og for lenge sidan var det drivhus med grønnsaksproduksjon, utdjupar kona Sissel.

FRISKT: Tidlegare var det produksjon av grønnsaker på småbruket Hetlevik. Nå hentar Reidar berre friske jordbær, til eige forbruk, rett frå terrassen. I bakgrunnen står den tidlegare driftsbygningen, som nå husar ferieleilegheitene til Hetlevik Maritim. (Foto: Morten Hetland)

Sissel kjem opphavleg frå Ullandhaug i Stavanger. Ho møtte Reidar gjennom volleyballgruppa til Fister Idrettslag. Det litle idrettslaget, som seinare blei slått saman til Hjelmeland Idrettslag, hadde nemleg fleire lag i krinsserien i perioden 1976–1999.

– Eg tok initiativ til å starta eit damelag i volleyball i 1985, då eg flytta til Hjelmeland, mimrar Sissel, som var både trenar og lagleiar for damelaget i mange år.

– Ja, me to har vel drive med volleyball i over tjue år, og på det meste hadde Fister Idrettslag fire lag i seriesystemet, utdjupar Reidar.

Bak seg har Reidar over 300 seriekampar i volleyball, men den viktigaste kampen er han framleis ikkje ferdig med:

– Då forbodet mot pelsdyrhald blei annonsert i januar 2018, hadde eg lite lyst til å starta med noko nytt. Når maktkampen overtek for fornufta, kan ein spørja seg om politikarane verkeleg jobbar for veljarane, meiner Reidar.

Saman med ca. 170 andre pelsdyrfarmar, ventar Sissel og Reidar på at Landbruksdirektoratet skal bli ferdig med takseringa av revefarmen deira, slik at dei kan få utbetalt erstatning for bygningane som nå må rivast.

– I staden for å leggja oss ned og gje opp heile livsverket, tenkte me nytt saman med eldstesonen vår, Thomas. Han skal etter kvart overta småbruket, og han kunne tenka seg å driva med glamping, altså glamorøs camping, forklarer Reidar.

Reiselivssatsinga NorGlamp hadde sin første sesong frå mars til september i 2021, og familien Helgesen er svært fornøgde med eit belegg på ca. 80–85 prosent.

– Me fekk dermed stadfesta at det faktisk er ein marknad for ein plass der folk kan koma for å seinka skuldrene, slappa av, koma vekk frå jaget og slappa av eitt døgn eller to, fortel Reidar, som nå vil satsa vidare på glamping i Hetlevik.

PRØVEPROSJEKT: NorGlamp opna sin første Arctic Dome for publikum i mars 2021. Domen er eit prøveprosjekt for ein periode på to år, og skal bidra til å hausta erfaringar med glamorøs camping i Hetlevik. (Foto: Morten Hetland)

Hjelmeland kommunestyre vedtok 16. juni i år den nye reguleringsplanen for Hetlevik glamping, som gjev rom for etablering av 10 enkle utleigeeiningar for turisme, fortrinnsvis glampingtelt av typen Artic Dome, men òg lavvoar og små, enkle minihus.

– Me har fått mange års erfaring med reiseliv og utleige gjennom Hetlevik Maritim, men eit opphald i NorGlamp byr på ei heilt unik oppleving. Gjestene våre har så langt vore veldig opptekne av plasseringa, utsikta til sjøen, den fantastiske naturen og kjekke turmoglegheiter i nærområdet, fastslår Sissel.

Frå den nye glampingplassen er det kort veg til Randøy Handel, nærbutikken på øya, og gjestene kan enkelt koma seg inn på turløypenettet på Randøy, med stiar til for eksempel Randåsen, Øyeåsen, Bruratonå og Kodl.

TURSTIAR: Saltkjelen ligg ca. 600 meter frå Hetlevik, og er eit flott utgangspunkt for mange turmål på Randøy. Sissel går på merka og umerka stiar fleire gonger i veka, gjerne med fotoapparatet hengjande på skuldra. (Foto: Morten Hetland)

Medan Reidar helst føretrekk å trena hjå TOPP Treningssenter, bruker Sissel ofte dei mange turstiane på Randøy for å få mosjon. Ho er òg hobbyfotograf, så når fotoapparatet blir med på turen, får ho dyrka to interesser samtidig.

– Eg går mykje tur i nærområdet, og tek mange bilete i løpet av eitt år, fortel Sissel, som har bidratt med flotte naturbilete til Ryfylkekalenderen til Strand Fotoklubb kvart år sidan 2014.

Sissel har òg utmerka seg og vunne i fleire fotokonkurransar på Foto.no og Stavanger Foto, og hennar fotobidrag er ofte å sjå i Stavanger Foto si utstilling.

– Det ligg mykje arbeid bak eit godt bilete. Ofte har eg sett meg ut eit motiv, og veit kva eg vil fotografera, men eg kjem gjerne tilbake 8–10 gonger før lyset og stemninga klaffar, fortel Sissel.

HAUSTFARGAR VED VIGAVATNET (Foto: Sissel Helgesen)
HØNSEHAUK (Foto: Sissel Helgesen)
SOLNEDGANG PÅ HJELMELANDSFJORDEN (Foto: Sissel Helgesen)
SKODDE OVER HETLANDSBYGDA (Foto: Sissel Helgesen)
PÅ FJORDEN (Foto: Sissel Helgesen)

I tillegg til arbeidet på småbruket, har Reidar ei deltidsstilling hjå XL-BYGG Ryfylke si avdeling på Hjelmeland, men han vedgår at det blir travelt å jobba ved sida av førebuingane til den nye reiselivssatsinga i Hetlevik.

– Me har mykje fred og ro på Randøy, og me deler den gjerne med fleire. Sjølv om me ikkje har landa heilt på korleis dei ti nye utleigeeiningane skal bli, kan me allereie nå seia at dei blir små, luksuriøse og komfortabelt innreidde, lovar Reidar.

– Og så vil me prøva å skapa ein wow-faktor i alle einingane, slik at dei blir noko spesielle, og ikkje berre tradisjonelle hytter, legg Sissel til.

WOW: Eit telt med 23 kvadratmeter golvareal har haugen på nok plass til ei skikkeleg dobbeltseng. Sissel har ansvaret for å klargjera domen til utleige, og legg siste hand på verket. (Foto: Morten Hetland)
UTSIKT: På den nedlagde revefarmen skal familien Helgesen laga glampingplass. Utleigeeiningane kjem til å ligga høgt over sjøen, med utsikt mot både Fisterfjorden, Hjelmelandsfjorden og Jøsenfjorden. (Foto: Morten Hetland)

Tre generasjonar Helgesen har nytta ressursane i Hetlevik etter beste evne sidan 1937, og Sissel og Reidar set stor pris på at fjerde generasjon har lyst til å driva vidare.

– Nå skjer det så mykje bra i kommunen, og nye næringar dukkar opp heile tida. Takka vera mykje pågangsmot, er det mange unge som er villige til å satsa. For oss er det ein lette at denne perla blir verande i familien, og for kommunen er det viktig at neste generasjon kjem heim, konstaterer Reidar og Sissel.

VERTSKAP: Reidar og Sissel trivst som vertskap i Hetlevik, og gler seg over at neste generasjon førebur seg på å ta over reiselivssatsinga på småbruket. (Foto: Morten Hetland)

Andre artiklar

– Me må gjera ein innsats sjølv

Familien Hauge trivst godt på garden deira i Hetlandsbygda. Her har ungane stor boltreplass, og foreldra har laga seg arbeidsplassar av interessene sine.

Les meir

Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

Les meir

– Det er som å bu på hytta

Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.

Les meir

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.

Les meir

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.

Les meir

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir