Meir om Vigatunet

Slik det gamle tunet står nå slik ble det sjåande ut i 1821. Då var det utskifting på garden og tunet blei flytta. Det eldste huset er røykstova i hovedbygningen. Denne meiner ein kan tidfestas til 1600-talet. Den nye stov blei bygd i samanheng med flyttinga i 1821. Tømmeret i eldhuset fortel og om høg alder. I Vigatunet finn ein ellers uthus med fjos og løe, stabbur og den såkalla "Sisselastua" som skal være flytta hit og som i sin tid fungerte som skolehus og gjestestue. Til garden høyrer også kvernhus og tørke, og eit nyrestaurert naust nede ved sjøen.

Viga var et av dei største gardsbruka i Hjelmeland, og dei fastbuande hadde flere tjenestefolk. Tunet blei fråflyttet i 1955 og overtatt som museumstun i 1970. Den tidligere eigaren lot en vesentlig del av inventaret stå igjen i husa, slik at dei står fram i ei svært autentisk form.

I 1990 blei det opna ein frukthistorisk hage innafor dei gamle hagemurane i Viga. Her er det planta meir enn 100 tre, som representerer tradisjonelle eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke. Frukt- og bærdyrking har gjennom 200 år vært ein viktig del av landbruket i Hjelmeland, noko det framleis er. Hagen er under utvikling, og meininga er å bygge opp eit miljø i Viga, som både fortel historia om frukt- og bærdyrkinga og om folka og livsstilen som er knytta til matproduksjon i dag.