Meir om Spinneriet

Spinneriet er eit gamalt industribygg med allsidig historie, restaurert til kulturformål. Spinneriet vart bygd i 1873-74, like ved Hjelmelandsåna.

Det starta som ullspinneri. I 2. etasje var dei fleste maskinane plasserte. Vatnet frå elva vart nytta til maskindrift. I tillegg til spinning blei det drive vadmålsfabrikk. Ull vart kjøpt inn; karda, spunne og vevd til vadmål. 15-16 personar arbeidde på Spinneriet. Mange kvinner hadde arbeidsplass her. Nye eigarar overtok bygget i 1912. Da ble det satt i gang bygging av det første kraftverket i Hjelmeland, og spinneridrifta tok slutt. Folk i området fekk elektrisk straum til lys i husa.

Frå 1919 blei Spinneriet brukt til hermetikkfabrikk. Då vart mursteinsbygget reist, saman med ei høg pipe. Røykinga gjekk føre seg i murbygget. Hermetikkdrifta ble lagt ned tidleg på 1920-tallet.

Jærstolproduksjon og smie

Tidleg på 1930-tallet begynte Lorentz Stene Østensen å lage jærstolar på Spinneriet. I 1938 starta Aksel Hansson og Hallvard Slåke jærstolproduksjon her. Mens folk tidlegare laga jærstolane for hand, vart maskiner no tekne i bruk.. Etter den store flaumen i 1940, kjøpte Hansson og Slåke den gamle styrarbustaden til Spinneriet og bygde ny stolfabrikk ved Steinslandsvatnet. Seinare skilte dei to svograne lag, og Aksel Hansson etablerte den stolfabrikken du finn ved riksvegen i dag.

Georg Fjellberg var smed og heldt til i murbygget då andre verdskrigen starta. Han vart arrestert for å ha skjult våpen, og vart seinare avretta av tyskarane. Minneplate over han står i murbygget.

Etter krigen var det ulike aktivitetar i bygget; treskofabrikk, fruktlager med meir. Omkring 1990 kjøpte kommunen bygget, og restaurerte det til kulturformål under leiing av kultursjef Njål Tjeltveit. Bygget vert og nytta som selskapslokale. I samband med Ryfest er her årleg ei stor handtverksmesse der mykje fint er å få kjøpt.

Ved ytterdøra står blå kulturskilt som fortel om Spinneriet, og om den store sølvskatten som vart funne på Sæbø i 1769. Halsringane frå Sæbø kan du i dag sjå i Arkeologisk museum i Stavanger.