Invitasjon til bedriftene i Hjelmeland!
Hjelmeland kommune/Hjelmeland Naturlegvis! inviterer næringslivet i Hjelmeland til eit påskearrangement, kor fokuset er å skape eit treffpunkt for ungdom der dei møter lokale bedrifter.
Det er mange ulike og interessante jobbar i Hjelmeland, men kor lett er det for ungdommen å få oversikt over kva for jobbar som finnast? Eller å kome i kontakt med moglege framtidige arbeidsgivarar?
Arrangementet er meint å hjelpe ungdommane med å bygge nettverk og samstundes få ei oversikt over kva for sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive faste jobbar som finnast i Hjelmeland.