STOL på Hjelmeland

Utstillinga «STOL på Hjelmeland» viser breidden i jærstoldesign.Jærstolar er blitt produserte på Hjelmeland sidan 1898, i mange former og storleikar. Det er likevel aldri tvil om at ein jærstol er ein jærstol. Mange produsentar har over tid vore involverte. I dag er det Møbelfabrikken Aksel L. Hansson AS som fører den viktige produksjonen vidare.

Hent nøkkel hos turistvert

Utstillinga er i Spinneriet 2. et. i tida 21. juni - 15. august. Du får tilgang til utstillinga ved å venda deg til turistinformasjonen i Biblioteket. Ope kl. 10-15.30 måndag-fredag, pluss enkelte laurdagar.

Arrangørar:

Hjelmeland kommune.
Kurator Nils Viga Hausken.