Ungdommen møter næringslivet 2022 heimesida

UTSETT - Romjulstreff

Me må dessverre utsette arrangementet på grunn av begravelse.

Romjulstreff der ungdommen møter næringslivet!

Tidspunkt: Onsdag 28. desember kl 17 – 19:30

Stad: Hjelmeland Samfunnshus

Det er mange ulike og interessante jobbar i Hjelmeland, men kor lett er det for deg som er ung å få oversikt over kva for jobbar som finnast? Eller å kome i kontakt med moglege framtidige arbeidsgivarar?

Arrangementet er meint å hjelpe deg som er ungdom med å bygge nettverk og samstundes få ei oversikt over kva for sommarjobbar, lærlingplassar og attraktive faste jobbar du finn i Hjelmeland.

Me håper at mange ungdommar lar seg freiste av eit arrangement kor dei kan treffe både lokalt næringsliv og kvarandre.

Program

  • Kl. 17.00 - 18.30 - Lokale bedrifter presenterer seg og fortel om kompetansen dei søker og jobbar dei kan tilby ungdommen
  • Kl. 18.30 - 19:30 - Matservering (pizza fra Pizzabakeren Hjelmeland), bedriftstander og mingling.

Følg også med på Facebook i arrangementet "Ein god match - ungdommen møter næringslivet!"

Desse bedriftene vil du møta:
Hjelmeland kommune
Mowi
Norsk Juletreservice
Sterling White Halibut
Tytlandsvik Aqua/Årdal Aqua
XL-BYGG Ryfylke
Årdal Landbruk