20210904 112143

Oppskrifter på smaksprøvane frå årets Ryfest

Hjelmelandsjambalaya

Til 4 personar

  • 2 stk. laks i terningar
  • 2 stk. kveite i terningar
  • ½ finhakka purreløk
  • 3 finhakka gulrot
  • ½ finhakka løk
  • 1 finhakka stangselleri
  • 2-3 blomkål, finkverna i foodprosessor
  • 5-10 dl skalldyrkraft. Spes på i blomkålrisen, men skal ikkje bli for våt.
  • Salt og pepper

Finhakka persille på toppen

Viss du ønsker det litt sterkare, ha i 1 finhakka chili eller chili paste.

Ha i ca. halve krafta i ein gryte og tilset gulrøttene. Etter eit raskt oppkok, ta i løken og purreløken saman med halvparten av blomkålrisen. Ha litt av blomkålrisen og litt av krafta vekselvis oppi. Ha i resten av grønsakene og fisken til slutt. Rør rundt. Det skal stå å putre i ca 40 minutter (eller til fisken er ferdig). Rør om av og til. Blir den for blaut, ta i litt maizena. Smak til med salt og pepper.

Chevice

  • 2 laks i små terningar
  • 2 kveite i små terningar
  • 1 finhakka chili utan frø
  • Litt raspet ingefær
  • Sitron og limesaft

La alt ligge i limesaften i ca. 15-30 minutter.

Pulled pork med asiatisk Hjelmelandssalat

  • 2 koteletter av svin
  • Eplemost
  • 2 ts ingefær
  • ½ chili

Ha dette i ei gryte og ha i eplemost til det dekker alt. La det småkoke til kjøtet glir frå kvarandre.

  • ½ løk
  • 2 gulrøter
  • ½ liten kål
  • ½ purreløk

Bruk mandolin eller kutt i tynne strimler.

Del kotelettene i små biter. Ha det i ei gryte med chili, ingefær og eplemost, Når det er ferdig, tar du ut kjøtet og riv det frå kvarandre med to gaflar. Legg kjøtet tilbake i gryta for eit raskt oppkok. Bland salaten saman. Ha salaten i bunnen, og hell kjøtblandingen over.

Dressing

  • 2 dl japansk soya saus
  • Ponsu lemon
  • Hoisin saus
  • Ingefær paste (evt. raspet ingefær)
  • Koriander paste (evt. finhakket koriandre)
  • Limesaft
  • 1 ts honning

La det stå litt før du smakar på det (soyasausen kan vere salt). Bland saman med grønsakene.

Yoghurt med agurk: Yoghurt, agurk, salt og pepper.

Slideshow Items