Foto: Magnar Riveland

Kodejakta 2022

Bli med i Hjelmeland kommune sin årlege konkurranse!

Kodejakta er ein konkurranse der det er lagt ut koder ved i alt 10 turmål rundt omkring i kommunen. Finn du alle kodane, og sender dei inn til oss, har du 10 vinnarsjansar i Kodejakta.

Turane varierer, så her er noko for ein kvar smak!

Dei enklaste turane er GRØNE. Desse er ganske korte og lette å gå, og er til dels moglege å gjennomføra om du har ei barnevogn med hjul for litt røft underlag.
Dei BLÅ turane er gjerne toppturar eller utflukter som varer frå ein til tre timar.
Dei RAUDE turane er dei lengste og hardaste utfordringane.

Turinformasjon, konkurransereglar og kart finn du i hefte "Kodejakta 2022" som er distribuert rundt i heile kommunen og som du også finn i biblioteket, i butikkar, serveringsstader, gardsbutikkar og andre stader der folk møtast.

Du kan også sjå heftet "Kodejakta 2022" i digital versjon.

Digitale kart

Under finn du digitale kart til turane. Ved å zoome ut og inn i kartet kan du lettare sjå kor dei forskjellige turane ligg.

Bli med i konkurransen

Send kodane, med namnet på staden du fann dei, til: postmottak@hjelmeland.kommune.no

Hugs at kodane må vera sendt til kommunen innan 16. oktober 2022.

GOD TUR OG GOD JAKT!

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada