Fisterfjellet

Kodejakta 2021

Bli med i Hjelmeland kommune sin årlege konkurranse: Kodejakta!

Bilde over er frå Fisterfjellet (tur nr. 1) - foto: Hjelmeland Naturlegvis

Kodejakta 2021 er ein konkurranse der det er lagt ut koder ved i alt 11 turmål rundt omkring i kommunen. Finn du alle 11 kodane, og sender dei inn til oss, har du 11 vinnarsjansar i Kodejakta 2021. Send kodane med namnet på staden du fann dei til: postmottak@hjelmeland.kommune.no

Hugs at kodane må vera sendt til kommunen innan 16. oktober 2021.

Turane varierer, så; her er noko for ein kvar smak!

Turinformasjon, konkurransereglar og kart finn du i hefte "Kodejakta 2021" som er distribuert rundt i heile kommunen og som du også finn i biblioteket, i butikkar, serveringsstader, gardsbutikkar og andre stader der folk møtast.

Du kan også sjå heftet "Kodejakta 2021" i digital versjon.

Under finn du også digitale kart til turane. Ved å zoome ut og inn i kartet kan du lettare sjå kor dei forskjellige turane ligg:

GOD TUR!

Valafjellet
Foto - Svanhild Hjorteland Gbada